onsdag 23. februar 2011

Iphone-etui

I går trudde eg at eg hadde mista det fina Iphone-etuiet mitt, som eg har hatt trufast med med i over eit år... Jaja, då er det vel bare å laga eit nytt eit då? Og sånn vart det. Eit lilla denne gong. Sjølvsagt dukka det gamle etuiet opp, men ka gjere vel det? 

 Her ein dag dumpa den årlige Valentine-forsendelsen min ned i postkassa.... Kvart år sidan ´99, har eg fått denne pakken frå au-pair familien min i USA. Utrulig koselig... Hjertecookies med skikkelig amerikansk pynt. :) Ei vekes tid i posten har satt sine spor, men det er då veldig sjarmerande med slik pakke i posten. 

Litt seint, men Happy Valentines Day! 

tysdag 15. februar 2011

Dilemma...

Då Pickles hadde salg på alpaca garnet sitt for ei stund sidan, kunne eg jo ikkje motstå fristelsen.... Pickles er som alltid kjappe med levering, og bare eit par dagar etter at eg hadde bestilt kom det ein lilla pakke i posten. Herlig, masse fint garn... 

Det vert ein ønskereprise denne gong... 
Bolen og ein arm er ferdig. 
Men eg har eit aldri så lite dilemma når det gjeld fargevalg til salen... Luksus problem, egentlig. 
Greier ikkje heilt å bestemma meg. 
Blåfargar og lillafargar?
Rosafargar og blåfargar?
Blåfargar, litt okergult og rosa?

Hmmm....

laurdag 12. februar 2011

Anbefaling ein lordagsformiddag!

Denne boka kan absolutt anbefalas. 
Eg kom over ein heilt nydelig blogg for ei stund sidan; tentenknits
Nydelige bilder og veldig mange flotte prosjekt.... God inspirasjon med andre ord.
Sidan eg er veldig glad i giraffar, falt eg pladask då ho viste ein giraff ho hadde laga frå boka "itty-bitty-toys". Dermed fekk denne boka vera med meg heim frå USAturen min. 
Har ikkje fått prøvd ut oppskriftene endå, men det er mykje som fristar... 
Søte sauer, giraff, flodhest osv osv.... 
Glede meg til å prøva!

God helg!

onsdag 9. februar 2011

Jakke med puffarmar.

Ein kjekk ettermiddagstur samen med tante Rut, der me hadde ein tur innom garnutsalget til Sandnes Garn, førte til at eg kom heim med masse garn!! 
Som om eg ikkje hadde nok heima frå før... Jaja, alltid kjekt med litt nytt. :) 

Denne søte, blå jakken har vore på pinnane mine dei siste dagane. Lett og rask å laga, akkurat sånn eg like det.
Må innrømma at eg var litt skeptisk til om det kom til å bli fint når eg skulle plukka opp maskar til armar og hals, men det gjekk overraskande bra! 

Syns puffarmane og mønsteret på brystet er prikken over i'en på denne jakken. Søt, søt, søt! Og er det nokon som har sagt at jenter ikkje kan ha blått?? 


Mønster: Sandnes Garn, hefte 0907 
Garn: Duett, litt mindre enn 4 nøster til str 2 år 
Pinne: 4

(Dette garnet er visstnok på veg ut av hyllene... Kanskje ikkje så rart at mønster heftet var gratis!)

laurdag 5. februar 2011

Hamamelis Shawl


 Hamamelis Shawl 
- i ein utrulig herlige rust, oransje farge..... 

Dette sjalet har eg hatt lyst til å laga lenge, og nå, endelig, hadde eg rett garn og tid til det. Og eg er utrulig fornødde. Garnet vart kjøpt på USA turen min, faktisk dei to einaste nøstene eg kjøpte! "Punta del este yarn" frå Uruguay. 80% merino og 20% cashmere. Deilig og mjukt, og litt "børsta" eller "lønt". 
Trur det skal egna seg godt som eit sjal!

Nå gjenstår bare litt "blokking", det har eg vel i grunnen aldri prøvd før, så det blir spennande.... Og for dei som treng ei god sjal oppskrift kan eg anbefala Kirsten Kapur sine oppskrifter. Ho har ei fantastisk heimeside "through the loops". Flotte bilete og kjempe fine sjal, huer osv... Enjoy! :)

torsdag 3. februar 2011

Hjertelig...


Desse hjertelige teppene har eg etterkvart laga ganske mange av... Utrulig greitt spøt å ha med seg i veska, og etter å ha spøta det nokre gonger er det ikkje så mykje tenking heller. Mønsteret går av seg sjølv.
Eg har fått ein del spørsmål angåande mønsteret... Det hadde vore veldig gøy å kunna sei at det var mitt mønster, men det er det ikkje. Mønsteret er frå quiltehuset, og dei har mønsteret til salgs på den o-store-webben til 11,-....  :) (dei som bur i Bergen kan jo bare gå innom butikken.)
Mønsteret er genialt, enkelt og fint og utrulig dekorativt! Og dei som har spøta litt greier jo å laga teppet uten å ha eit mønster framfor seg.... ;)

Eg har laga dette teppet i både ull, alpakka, bomull og duett(bomull/ull), og pleier å bruka ca 6 nøster, og då lagar eg teppet litt større enn i oppskrifta. Syns det er greitt med eit litt stort babyteppe.
Så, lykke til folkens! 

(Beklager litt dårlig kvalitet på bildene...)