torsdag 9. august 2012

Hentesett

Denne jakken har eg hatt lyst til å laga lenge. 
Monstermønster-Merete har modifisert Rosett frå Dalegarn, og den versjonen syns eg var så utrulig fin, så når Dale då har den gratis på sine sider, då måtte eg bare laga den. (tusen takk Merete, og Dalegarn)
Dermed er det blitt hentesettet til mini i magen! 
Måtte jo laga ei litå hua i tillegg, litt annleis enn i oppskrifta, men eg syns min versjon blei veldig søt. :)
 Knappevalget var ikkje akkurat lett, men dei søte sauaknappane kombinert med "sol"-knappane i gul-oransje, blått og brunt blei veldig bra! Må sei meg fornødde med mitt eget verk.... ;) 

Eg brukte Lanett i staden for Dale sitt babyull, rett og slett fordi eg likte kvitfargen bedre.... Dale sitt vart enten for gult eller for kvitt. Lanett var sånn midt i mellom, akkurat slik eg ville ha den! 

Så er det bare å håpa på at mini passar inn i hentesettet sitt, og ikkje er altfor stor når han kjeme. :)