søndag 13. juni 2010

Nye sko...

Ungane på barnaheimen fekk seg nye sko i haust.
Dei trong verkeleg å ha noko på føtene. 
Murgolv er ganske kaldt å springa berføtt på!

I dag har eg og fått meg nye sandalar. :)
Garnet eg kjøpte medan eg arbeidde på barnaheimen er blitt til varme, gode sandalar.




Eg håpar sjølvsagt på ein varm og flott sommar. 
Men, gledar meg t hausten då eg kan ta i bruk desse sandalane. 
:)

Oppskrift frå hookcandy.
Litt endringar måtte til for å få dei til å passa mine monsterføter,
men nå er dei blitt riktig fine, syns eg. 

tysdag 8. juni 2010

Afrika
Hausten 2009 var eg i Kenya/Tanzania. 
Flotte, gode minner...
På eit marked fann eg desse nøstene. Greidde jo ikkje å gå i frå dei.
Men, ka ska eg bruka dei til?
Forslag mottas med takk. :)
Garnet er ganske tjukt. Ull. 
4 nøster i herlige fargar. 
Sjal?
Hekla?
Hmm....


Kan ikkje nevna Afrikatida mi utan å visa eit lite glimt av ungane mine på
Hope House Babies Home
Ungane er nydelige.
Ikkje sant? 
Sårt sakna. 
Kanskje det blir ny tur til hausten. Det er i allefall lov å håpa.


tysdag 1. juni 2010

Apekatten min har venta  tolmodig i lange tider... 
Nå har han begynt å bli litt leie... 
Med store auer ser han på meg og spør, daglig, "ka tid e d min tur?". 

Og i dag, endelig, skal han få si tid på bloggen. 
Vel fortjent! 
Så her er han, apekatten, som enn så lenge kosar seg saman med elefanten min. (sjå tidligare innlegg) Begge ventar på nye heimar, viss "mor" greier å gi dei frå seg då.... :) 
Til slutt eit lite glimt frå verandaen min.... :) 
Sommar og sol og blommar. 
Herlig! :)