torsdag 29. juli 2010

Nye sokkar på pinnane!
Denne gongen er det "ribbed ribbons socks" som tar form, frå "Socks from the toe up" av Wendy Knits. Kjempe fine sokkar, syns eg, i ein flotte farge og eit herlig gadn. 
Arwetta, classic. 80% merino ull og 20% nylon, det burde vel vera bra til sokkar!?
Mjukt og godt er det i allefall, og deilig å spøta i. 

One to go.... :) 

torsdag 22. juli 2010

Utfordring....

For ei stund sidan fekk eg ei utfordring frå Siren, ei skikkelige utfordring, syns eg... 
Eg skal nemlig nevna 6 positive ting om meg sjølv.... Nå har eg grubla og tenkt litt. :) 
Og her er seks ting om meg som eg syns er positive; 
* Ein god spøtar og heklar. 
* Ein god venn. 
* Blid (for det mesta) 
* Perfeksjonist når det gjeld eget arbeid. (kan vel vera negativt og...) 
* Ok hobbyfotograf :) 
* Optimist, trur eg. I allefall ordnar et meste seg til slutt, for snille jenter! ;) 

I utfordringen skulle ein og visa eit bilete av seg sjølv, som ein var fornøyd med. :) Eg har jo i grunnen flest bilete der eg er bak kamera, men eg fann nokre eg likar likevel. Så her er ikkje bare eitt, men 3 bilete av meg! :) Det første er frå Zanzibar i haust! Nr to frå januar, ute på isen! Og bilde nr 3 er frå Mai-turen til Barcelona! :) Felles for alle bileta er gode minner! :)


Sist, men ikkje minst skal eg gi utfordringen vidare til 6 andre bloggarar! 

Og med dette vil eg ønska alle ei god helg! Håpar på litt bedre sommarver... Sjølv skal eg ein tur til København, gjett om eg gledar meg. Har planar om å leita opp "alle" strikkebutikkane" i byen... Nokon som har gode tips til Køben-aktiviteter? :)

tysdag 20. juli 2010

Roser og rosa!


Nå reknar ikkje eg meg som ei veldig rosa jenta, men eg kan jo ikkje seia anna enn at desse rosa rosene bare er aldeles nydelige.... Og dei har stått i vekesvis. Flotte ikkje sant!? 
Litt brune i kantane, så dei syng nok snart på siste verset, men eg syns ikkje det gjere noko.
 Når eg først er i det rosa hjørna kan eg jo visa eit  bilete av det rosa teppet eg lagar. Eit av mine mange halvferdige prosjekt...
Oppskrift og garn frå Pickles.


Super mjukt abuelita gadn....
Rosa i ulike nyansar, rødt, kvitt og lyse grønt. 
Deilige fargar!
Og det blir det finaste, søtaste, mjukaste teppet! 
:)
(bare så synd at det blir så mange trådar å festa...)

fredag 9. juli 2010

Ferie??

Skulle jo mest tru eg hadde hatt ferie sidan det er så lenge sidan sist innlegg... 
Det stemmer altså ikkje. 
Det er vel ikkje fordi eg ikkje har noko å visa fram heller. 
Men, haugen med halvferdige prosjekt veks. 
Lysten til å starta på noko nytt er som regel alltid større enn lysten til å gjera eit prosjekt ferdig.... Merkelig...
Eit sokkapar.
I nydelig oransje.
Garn frå Shibuiknits.
Sokkeoppskrift frå "Toe-Up socks for everybody" av Wendy D. Johnson.
Veldig kjekt prosjekt, som eg faktisk ser ein ende på....