torsdag 8. november 2012

Grønt er skjønt....


Nytt prosjekt på pinnane.
Glede! 

søndag 4. november 2012

Ein favoritt....


Endelig kan eg blogga om denne genseren. 
Den litle eigaren som bur i Stavanger har endelig fått pakke i posten.... Håpar han får bruk for gaven ittekvart som han vekse til. 
 Eg er fan av strikketøy som er einsfarga, syns det er reint og fint på små ungar. Så kan det heller vera litt mønster i sjølva strikket. Som for eksempel fletter! Enkelt å strikka, og utrulig fint! Denne genseren frå Sandnes Garn falt eg pladask for då eg såg den utstilt. Orginalt strikka i madarin, men eg laga den i sandnes mini duett, og er strålande fornødde med resultatet! 
 Endelig knakk eg koden for fin halsfelling og det å plukka opp maskar langs halskanten. 
Har alltid syns det har vore vanskelig å få halsen fine... Denne gongen fant eg fram heklenåla og brukte den til å hekla opp maskar langs kanten, fungerte glimrande for meg, så det ska eg gjera neste gong og! 

Me lere så lenge me leve!! 

Oppskrift; SandnesGarn hefte nr 1204, Brun arangenser
Garn; Sandnes Mini Duett, 3 nøster (str 1 år)
Pinne; 2.5 og 3

fredag 2. november 2012

Varme til eit lite håve....

Litt småplagg måtte eg jo laga til mini, veldig kjekt med plagg som er laga på eit blunk... 
Sjølv om dei har ein tendens til å ligga halvferdige ei stund, for snorer er jo forferdelig kjedelig å laga!! ;) Hua vart laga i sommar, og fekk snorer i går. Og eg vart overraska, det var jo slett ikkje så  gale å strikka dei snorene.... 
Ska prøva å huska det til neste gong.
 Oppskrifta er frå bloggen til Gro med strikka snorer. 
Neste gong ska eg plukka opp masker der eg vil snora skal starta, det tenkte eg ikkje på denne gongen... :) Så sleppe eg å sy dei på når dei er ferdige!
Garn; alpakka rester
Trur eg brukte pinne nr 2.5, men huske ikkje heilt. 
Hua passar fint til ein liten pjokk på rundt 4kg. :)