laurdag 29. januar 2011

Varme hender...

Varme hender har eg ikkje... 
Det får eg høyra ofta! 
Men då er det jo supert med pulsvarmarar. 

Desse såg eg i NY då eg var innom Purl i SOHO. I ein heilt nydelige raudfarge, og det mest fantastiska garnet ein kan tenka seg... (og, som eg sa i sist innlegg; dyrt garn)
Alpakka/ull frå Pickles er ein god erstatning, syns eg. Og det passa bra for eg hadde eit nøste til overs etter mysteriestrikket. :) ( Tenk at eg fekk brukt nåken restar!!)
 Eg hekla på ein liten pyntekant med litt anna restegarn eg fann, syns det blei litt søtt på dei ellers ganske røffe pulsvarmarane... 

Må ha med eit bilete av dei visna rosene i dag og... 
Nå har dei blitt klyppte, og blitt lagt i ei skål. 
Syns dei tek seg fint ut, og pyntar vinduskarmen min. :) 
God helg! 

torsdag 27. januar 2011

Visne roser...

Tenk at visne roser er så fint!! :)
ICAen min har flotte, billige roser... Eg har funne ut at dei får nye kvar onsdag, og dei står faktisk i to veker! Fantastisk! :)

Medan eg var i NY var eg, sjølvsagt, innom ein strikkebutikk og to... Mellom anna Purl. Veldig koselige liten butikk. Bra garnutvalg og masse bøker, og stoff... Eg fann eit par utrulig mjuke og deilige pulsvarmarar, og tenkte eg skulle kjøpa garnet dei hadde brukt på dei! For tenk å få seg så gode pulsvarmarar... :) 

Men, og det er eit stor men. 

Garn er dyrt i USA, virkelig dyrt! Og då dama i butikken kom med garnet, det super fina og mjuka garnet, og sa det kosta 40$ for eit nøsta, då fekk eg nermast sjokk!! Jadå, 40$.... (Ta det med ei klypa salt, men eg er nokså sikker på at det er rett pris. Men de vett koss ei fjør vert til ti høns... Og det var tross alt i fjor..) Uansett, dyre pulsvarmarar med andre ord. :) Altfor dyre! Sjølv eg, som er garnfreak, måtte gå i frå det herliga garnet. :(

Men, pulsvarmarar skal bli... 
Og dei er på pinnane. Garnet er ikkje lika mjukt og fint som det i NY, men eg trur det skal bli bra! :) Skal visa dei ved ein annan anledning. :) 

søndag 23. januar 2011

Arbeidsspøt


For lenge sidan hadde eg eit innlegg om arbeidsspøtet mitt. Greitt å ha eit spøt i veska når ein arbeider vakter, sånn i tilfelle det blir litt tid til overs.... Nå er det grønne hjerteteppet mitt endelig blitt ferdig! Og gjett om eg allerede har starta på eit nytt? Jadå... Denne gongen er det eit lilla hjerteteppe, i MiniDuett frå Sandnes Garn. Bomull/Ull, derfor navnet duett. Og eg likar garnet, spøtet blir kjempe fint, syns eg. Passe tungt og passe mjukt.


Denne veka startar med 3 nattevakter, håpar det vert litt tid til spøt innimellom.... :)

laurdag 15. januar 2011

Sportslordag!

Ka er vel bedre enn å slappa av framføre tv-skjermen etter ein lange, travel dag på arbeid? 
Vintersport og håndball! 
39 dagar til VM, seie dei.
Og i den forbindelse...
Tenk om Bjørgen, Northug eller andre medaljevinnarar held ein blomsterbukett i hånda, som du har vore del i?? 
Det hadde jo vore stilig....
Sjekk ut God Morgen Norge sine sider, for å sjå detaljane.
Heia Norge!
:)

PS. Utrulig koselig med "velkommen tilbake" meldingar i sist innlegg... Det sette eg store pris på! :) Takk!

torsdag 13. januar 2011

Nytt år, nye muligheter....

Nytt år.
Treg start.... 
Men, nå skal alt bli så mykje betre! 

Eg avslutta 2010 med eit mysteriestrikk! 
Veldig spennande og veldig kjekt! Takk til Lena, for eit supert prosjekt! Her er endelig eit bilde av resultatet frå mysteriestrikket.... Planen er at knappane skal sys fast, men så langt har eg ikkje komt endå! Garnet eg brukte er Pickles sitt alpakka/ull-garn, deilig og mjukt! :)



Ha ei flotte veka, folkens!