tysdag 24. august 2010

Regn

Regn, regn, regn, regn, øsende regn, pøsende regn,
regn, regn, regn, regn, deilig og vått, deilig og rått!
Sigbjørn Obstfelder

Hausten er komen. 
Eg har vore på IKEA og kjøpt lamper så dei mørkaste krokane skal bli lysare nå når haustkveldane er her.
Sjølv om eg endå er ung, og har veldig godt syn, så treng ein jo litt lys til håndarbeidet?? :) I går dumpa det ein pakke til meg i posten! Hurra! Eg var nemlig ein av dei heldige som vant pakke i gaveleken hjå


Eit herlig pannebånd, som nok kjeme godt med til vinteren, eit nøste i ein flott lillafarge, og ein sjokolade. 
og eg som har snopefri.... :(
Eg føle meg heldige!! :) Tusen takk navnesøster! 


Så nå er det min tur til å forsetta denne gaveleken! Spennande! 
Dei 3 første som kommenterer innlegget her, får ein gave i posten. Dei må då visa fram gaven, og linka til meg. Og sjølvsagt gi gåve til dei 3 første som kommenterer hjå seg... Også har me det gåande. :)


fredag 20. august 2010

Just a little sneak peak...



Dyrt, dyrt gadn.
Men, oh, så fint og mjukt! :)
Chesmere Fingering, Lotus yarns. 
Just gotta love it! 
:)

onsdag 18. august 2010

Sjå ka eg har fått i hus!!!


 Så i føremiddag har eg og nøstemaskinå + garnvinna hatt oss ein aldri så liten date! :) Resultatet er upåklagelig... Flotte nøster! Gi meg fleire hesplar! :)





Det var nå eg lurte på om eg kanskje skulle begynna på
 "det kvita vidunderet"....? 
(Stakkar den siste rosa sokken får venta litt, trur eg.)

søndag 15. august 2010

Då var endå ein sokk ferdig... 
Manglar sjølvsagt sokk nr to, den må nok komma på pinnane fort. Knasj rosa, ikkje heilt min farge, men ganske stilige likavel! :) Sokkegarnet "Mayflower" kjøpte eg då eg var i København tidligare i sommar. Fint, og godt garn, men likar nok Arwetta classic betre... :)
Mønsteret denne gong er frå "Socks from the toe up" av Wendy Knits.
(by the way, ganske passande etternavn på den dama!)
Sheri´s posies socks.
Med hjerter og blomar.
Og ei nydelig hullrad langs "kanten".
Litt kjedelige å spøta, så eg må bare få begynt på neste sokk. 

Eg prøver å laga eit sokkapar som passar til andre føter enn monsterføtene mine, men uansett koss masse eg prøve, så passe dei til slutt til meg... 
Merkelig!? 

torsdag 12. august 2010

Gadn

Shopping i København førte til at kofferten min vart ganske full.... Timane i alle dei fine strikkebutikkane kunne fort blitt veldig lange og mange. Eg elskar å sjå på alle dei fine fargane og kjenna på alle dei flotte nøstene. 
Tru kva eg skal ta med meg heim?
Ein må jo begrensa seg litt, eller? :)
Eg gledar meg i allefall til lange, mørke haustkveldar med kjekt spøt på pinnane. 
Sokkar.
Småkler.
Litt til meg sjølv? 
Masse til andre...
Nå ventar eg berre på nøstemaskina mi,  som skal koma i posten ein vakker dag.
Då skal det bli flotte nøster av alle hesplane. 
Glede!