torsdag 28. oktober 2010

Hals

Alt ein kan finna på den store webben!! :) 
Denne sida er verdt ein liten kikk... 
Veldig masse fint, bare sjå dei utrulig søte spøtadyrå! Dei har eg veldig lyst til å prøva meg på ein gong. :)
Men, altså, eg har laga 5thAvenue, ein hals. Eit ganske greitt prosjekt. Min hals vart kanskje ein smule lange, men det er jo berre å snurra den rundt halsen ein ekstra gong! :)

Pinne nr 5
3 nøster Baby Llama frå Elsebeth Lavold (klør faktisk litt, syns eg...)


Det går litt tregt med prosjekta mine for tida, eg driv nemleg å redigerer bryllupsbilete. Eg var så heldig at eg fekk spørsmål om å vera fotograf! Veldig kjekt, men litt mykje arbeid i ettertid, i allefall for ei som ikkje akkurat er proff når det gjeld redigering. :) Nå nermar eg meg ein ende... Det er nok både eg og brura glade for! Eg nermar meg og FERIE. Ei kveldsvakt igjen, så har eg 7 veker fri framføre meg. Hurra! :)

torsdag 21. oktober 2010

Heldige meg...

På ein dag med snø (!!!) varma det skikkelig med pakke i posten.... :) For ei stund sidan vann eg give-awayen hjå
Gry-Anette, og i dag kom gaven.
Sjå kor heldige eg har vore!!!
Tusen, tusen takk Gry-Anette!

måndag 18. oktober 2010

Barndomsgenser

Denne genseren frå Pickles har eg hatt lyst til å laga lenge. Endeleg fekk eg an på pinnane. 
Med herleg gadn, kjøpt for ei stund sidan då Pickles hadde masse i restekassen sin. :) Pickles Baby Merino. Litt tynnare garn enn det som er brukt i oppskrifta, så eg måtte rekna litt for å få genseren i rett størrelse. Trur genseren skal passa til ein eitåring sånn ca. :) 

søndag 17. oktober 2010

Speilbilde II

Ein flotte tur til fjells. 
Utrulig stilt og fredelig. 
Ikkje ein lyd, ikkje eit dyr....
Eg hadde håpa på eit par kule lemen bilete, men ikkje denne gong. Får prøva igjen i vekå så kjeme. Ellers er kakao og "kanel-i-svingane" herlig når ein sit å speidar i heiå.
Ha ein fortsatt fine søndag! 
:)

fredag 15. oktober 2010

Speilbilde....


Hausten er utrulig flotte når veret er slik som i dag. 
Knatten speglar seg i vatnet, 
og det er vanskeleg å sjå kva som er opp og ned. 
Flott, ikkje sant?

Eg håpar på flott ver heile helga, 
og ynskjer meg herlige turar i frisk fjelluft! 
Kan anbefalast.... 
Dessutan er det så utrulig godt å komma heim att, for så å kunna nyta ein haustkveld i sofaen med spøt eller hekl i fingrane. :) 

Heklaprosjektet mitt er godt i gang.... 
Har du planar for helgå?

God helg!

tysdag 12. oktober 2010


Nytt prosjekt! :) 

Eit nydelig teppe er i startgropa.... Skal visstnok vera 150 små lappar.... Så langt er det bare to! Det kan jo ta litt tid, ser eg for meg, men teppet er så fint at det skal bli ferdig. Heklepinne og garn skal få vera med på to vekes ferie til Spania... (eg reiser om eit par veker.)
Kanskje får eg hekla nokre lappar der? 

søndag 10. oktober 2010

Enkel vest


For ei lita stund sidan fekk eg pakke i posten frå Pickles med masse herlig gadn. :)
 Men, kva i all verda skulle eg bruka det til? 
På Pickles sine heimesider syns eg dei har mange kjekke oppskrifter, og eg har prøvd fleire av dei før... Denne gongen hadde eg lyst på eit lite, lett prosjekt, og enda opp med å prøva "enkel vest" oppskrifta. Den levde virkelig opp til navnet sitt, og vart laga på eit blunk! 
Virkelig kjapp og enkel! :)









Enkel vest frå Pickles str 1 år
Pinne 5.5
Pickles Baby Merino, dobbel tråd. 



fredag 8. oktober 2010



Fredag.
Roser.
Små tøfler. 
Nytt prosjekt.
Og ei heil frihelg framføre...
Deilig! 
:)
God helg, folkens! 




 (Små tøfler frå "simple knits for cherished babies" av Erika Knight. 
Samme tøflene, i ein litt anna versjon er i "Myk start" og. )

onsdag 6. oktober 2010

Eg har fått ein award, ein litt annleis award... 
Veronika med bloggen Fishermans Daughter har gitt med denne "cherry on top awarden, stas! :) 

Første oppgave i denne awarden er å visa fram favorittbilete sitt. Eg likar godt å ta bilete, men syns det er vanskelig å plukka ut ein favoritt.... Det heng saman med så mykje, syns eg. Eit godt bilete, eit godt minne, stemning osv. For tida tenkjer eg mykje tilbake eit år, og favorittbilete mitt er derfor eit bilete frå tida på på Hope House Babies Home i fjor haust. Bilete er av ein av dei herlige ungane "mine". Ein skjønnas, rett og slett. Storsjarmør. Ein flott gut. Utrulig hardt å reisa i frå alle ungane, og via at framtida deira er så uviss... Heldigvis vert mange av dei adopterte. Denne vesle guten vart og adoptert  utpå nyåret! :) 
Håpar han går ei fin framtid i møte... 



"Cherry on top"-awarden seier og at ein skal nemna 3 ting som litt hjerta nerme... Mykje ein kunne ha nevnt, men her er 3 ting som litt mitt hjerta nerme.

1. Hope House Babies Home
Barneheimen i Nairobi, Kenya, der eg var i fjor haust. Herlige små i alderen 0-3 år som har fått ein litt tøff start på livet. Her på Hope House Babies Home får dei omsorg og kjærlighet! For ein jobb dei gjere dei som arbeider der! :) For tida samlar eg inn penger til barneheimen. For å kunna driva barneheimen er dei avhengige av støtte utenfrå. Så om du har lyst til å støtta kan du ta kontakt med meg på e-mail. ssteinbru@hotmail.com

2. Håndarbeid
Ein sjølvsagt ting på denne lista.... :) Kva skulle eg vel gjort utan håndarbeid!? 

3. Foto
Eg likar godt å fotografera, og prøver heile tida å læra meg meir. Utrulig mange flotte fotobloggar til inspirasjon! Er nettopp ferdig med eit fotokurs, og håpar å få med meg fleire... 

Egentlig skal eg gi denne awarden vidare til 3 andre flotte bloggarar. Men, det er så vanskelig! Det er jo så mange flotte bloggar der ute, som verkeleg fortjener ein "cherry on top"-award. Så her har DU fått ein award! :) Du som følger bloggen min, som kommenterer innlegga mine, du som inspirerer meg med dine blogginnlegg, versegod, dette er ein velfortjent award! 

Takk alle bloggvenner! :)

måndag 4. oktober 2010

Magda


Prosjektet frå helgå er ferdig! :) Ja, utenom søte tøfler då, som fremdeles er på pinnane... 
Magda av Tora Frøseth
har eg hatt på "to-do"-lista mi lenge. 
Nå hadde eg gadn, eller det har eg jo alltid, for garnlageret her hjå meg blir visst aldri mindre... :) 
To nøster  Debbie Bliss baby cashmerino, i ein deilige lilla farge. Det er jo fargen i haust, sant? 
Litt lite med to nøster, trudde eg, så eg valgte å ha ein lysare lilla farge på kantane, og det viste seg å vera ein super ide. For dei to nøstene forsvant... Syns forresten det var ganske fint med ein kontrastfarge og?! 

Enkel, og lett kjole/tunika, å laga. Størrelse 3 mnd. (?) 

Men, eg syns kanskje aukinga på sjølva skjørtet var litt merkelig, men det er kanskje bare meg? Eg ville ha auka med to maskar i begge sidene, i staden for ei, syns det blei litt skeivt... Kanskje eg las oppskrifta feil? Eg hadde bestemt meg for å følga oppskrifta denne gongen, men neste gong forandrar eg nok litt på aukinga, trur eg. :) 

søndag 3. oktober 2010

Pakke i posten...

Hurra!
Pakke i posten.
Masse kjekt gadn frå Pickles.
Glede meg t å klekka ut ka dei kan brukast til.

Ha ein flotte søndagskveld! 

fredag 1. oktober 2010

Myk start

I mangel på nye ferdige prosjekt tar eg fram ein jakke eg laga for over eit år sidan, lenge før eg starta å blogga om spøta mine... Har laga fleire av denne typen, og likar dei veldig godt!
 Lett, og mest utan montering! 
Me like! :)
Jakken har navnet "jakke strikket i ett stykke", orginalt nok... Eg veit fleire av dei store strikkeselskapa har versjonar av denne jakka, m.a drops. Oppskrifta frå "myk start" er lett å følga, og har fleire versjonar. Eg har laga versjonen med hullmønster, dekorativt og fint, syns eg. I tillegg har eg hekla kant rundt jakka etterpå, i to ulike grønfargar, fastmasker innerst og ein runde kjedemasker til slutt. :) 
Gadnet eg har brukt er Sandnes Mini Alpakka.

Trur jammen eg må starta på nokre nye prosjekt i løpet av helgå! Arbeidshelg, og herlig haustver, og nytt spøt på pinnane... Det blir bra! :) (fri hadde jo vore endå bedre, men, men...)
God hausthelg!