torsdag 27. mai 2010

Tenk at eg har fått ein award! :) 
Det er jo veldig stas at nokon syns så godt om bloggen min! 
Så, tusen takk Veronica!

Denne awarden går ut på at eg skal fortelja 7 interessante fakta om meg sjølv, 
og deretter gi awarden vidare til 7 andre bloggarar... :)

Kva er interessant å veta om meg då?? Her er sju fakta:
-Eg har faktisk ALDRI vore i Sverige... Men, drømme om ein liten ferie hjå dei blå og gule...
- I 98/99 var eg au-pair i Milwaukee, USA. 
- Har forelska meg heilt i sjokoladeisen til Hennig Olsen is, den med browniesbetar i. Trur eg kunne ha ete ein heil boks aleina. :)
-Ein del av hjerta mitt er mørkeblått og kvitt! Heia Viking! 
-Eg er veldig svak for stilreine duppedingsar, som feks Mac og iPhone. 
-Likar system og orden
-Eg sluke alt av sjukehus-tv-seriar...


Desse bloggane fortjener ein award:

Enormt flotte bloggar, som eg blir veldig inspirert av! :)

fredag 21. mai 2010

Blått i blått...

Eit herlig blått gadn kom t meg, innpakka i koselige pakke...
Enormt mjukt og godt gadn.
Viking-garn, pure milk fiber. 
Deilig.


Det måtte bli nåke fint smått.
Så nå har det blitt ein jakke,
ei djevelhua og eit par med sokkar.

Fekk jammen meg brukt knappane eg kjøpte tidligare og. :) 
Syns det har blitt eit fint sett, 
og glede meg til å kunna gi det til ein liten tass. 

torsdag 13. mai 2010

E d nåke så e finare enn kvitveis??
Eg har mine tvil... :) 
Fantastisk å rusla rundt på tur og bare sjå kvitt på kvitt på kvitt i skogen. 
Det likar eg! 

Her er plagget eg har dreve på med den siste tida. 
Til meg sjølv, faktisk! :)
Trur den kan bli god å ha....

Så har eg fått endå ein pakke med knappar. 
Kjekt med pakke i posten altså.
Denne gongen var knappane frå e-bay. 
Får sjå om eg finn prosjekt å bruka dei på! 


fredag 7. mai 2010

Gamle verk!

I mangel på nye, ferdige prosjekt får eg ta fram nokre av prosjekta eg hadde i vinter. 
Den lilla jakken er i frå eit gamalt spøtahefte eg fant heima hjå mor. Eg elske å finna gamle, fine oppskrifter! :) 
Hjerteknappane gjorde heile susen, syns eg. 

Genseren, hua og vettene er i alpakka og oppskrifta fann eg i "mix barn 1002"-heftet frå SandnesGarn. Likar mønsteret og fargane utrulig godt. Men, syns ofta det er vanskelig å få alpakkaspøt til å sjå fint ut, blir ofta sjåande ut som om det er ujevnt spøta.... Eg skyldar på garnet! :)
God helg, alle i samen! 
Nydelig ver, som må nytast, for dei som kan det....