tysdag 13. mai 2014

Sinnasau!

Eit aldri så lite livsteikn...
Det er over eit år sidan sist, ser eg, og det er for gale! ;) 
Eg spøtar og heklar altfor sjelden, tida går altfor fort, og babyen min er blitt "stor" gut. 
Ikkje spør meg koss det har gått til! 
Mini har lært at sauene seier "bæ", 
og sidan mor er ei bygdajente synes ho det passar veldig fint med sauer på genseren!
 "Sinnasaugenseren" er nydelig, og enkel å spøta. 
Eg brukte eit anna, tynnare garn enn det som står i oppskrifta, 
så eg måtte rekna litt for å få rett maskeantall. 
Resultatet er eg superfornøgd med! 
Den passar perfekt, og har litt å gå på i lengdane på armar og bol, så eg håpar den passar lenge. 

Oppskrift: Sinnasaugenser
Garn: Sandnes Garn Alpakka Silke

onsdag 27. mars 2013

Med eit lite bilde av den grønne dressen vil eg ønska dokken 
GOD PÅSKE
Nøstebarndressen i Tulliballgarn passar perfekt til min 6 mnd  gamle gut, sjølv om eg strikka den i str 1-2 år.... Han kan nok bruka den ei stund! :) 

torsdag 8. november 2012

Grønt er skjønt....


Nytt prosjekt på pinnane.
Glede! 

søndag 4. november 2012

Ein favoritt....


Endelig kan eg blogga om denne genseren. 
Den litle eigaren som bur i Stavanger har endelig fått pakke i posten.... Håpar han får bruk for gaven ittekvart som han vekse til. 
 Eg er fan av strikketøy som er einsfarga, syns det er reint og fint på små ungar. Så kan det heller vera litt mønster i sjølva strikket. Som for eksempel fletter! Enkelt å strikka, og utrulig fint! Denne genseren frå Sandnes Garn falt eg pladask for då eg såg den utstilt. Orginalt strikka i madarin, men eg laga den i sandnes mini duett, og er strålande fornødde med resultatet! 
 Endelig knakk eg koden for fin halsfelling og det å plukka opp maskar langs halskanten. 
Har alltid syns det har vore vanskelig å få halsen fine... Denne gongen fant eg fram heklenåla og brukte den til å hekla opp maskar langs kanten, fungerte glimrande for meg, så det ska eg gjera neste gong og! 

Me lere så lenge me leve!! 

Oppskrift; SandnesGarn hefte nr 1204, Brun arangenser
Garn; Sandnes Mini Duett, 3 nøster (str 1 år)
Pinne; 2.5 og 3

fredag 2. november 2012

Varme til eit lite håve....

Litt småplagg måtte eg jo laga til mini, veldig kjekt med plagg som er laga på eit blunk... 
Sjølv om dei har ein tendens til å ligga halvferdige ei stund, for snorer er jo forferdelig kjedelig å laga!! ;) Hua vart laga i sommar, og fekk snorer i går. Og eg vart overraska, det var jo slett ikkje så  gale å strikka dei snorene.... 
Ska prøva å huska det til neste gong.
 Oppskrifta er frå bloggen til Gro med strikka snorer. 
Neste gong ska eg plukka opp masker der eg vil snora skal starta, det tenkte eg ikkje på denne gongen... :) Så sleppe eg å sy dei på når dei er ferdige!
Garn; alpakka rester
Trur eg brukte pinne nr 2.5, men huske ikkje heilt. 
Hua passar fint til ein liten pjokk på rundt 4kg. :)

tysdag 30. oktober 2012

Babyteppe

 I løpet av sommaren og hausten laga eg litt småplagg til mini i magen. Eit av plaggå eg er aller mest fornøyd med er eit teppe i ein nydelige, mørk, varm blåfarge. 
 (litt feil farge på bildene)

Mønsteret er eit Idena mønster 20606 som eg bare har ein kopi av. Eg falt pladask for teppet då ei venninna hadde fått det til minsteguten sin, og fekk ho til å få tak i oppskrifta til meg. (takk, Karen) 
Og når eg fekk ein liten gut i magen passa det utrulig godt å bruka Tulliballgarnet til teppet. 

Tulliballgarnet er aldeles herlig! 
Klem er navnet på garnet, merionull-silke-kasjmir. 
Med andre ord mjukt og deilig, heilt perfekt til eit babyteppe! 
Takk, tulliballjenter for eit supert garn!

PS. Litle Jørgen blei født 11.september, 4 veker før tida... Og tar opp mesteparten av tida, derfor litt lite blogging! Han er frisk og fin, og begynne å bli "store" gut! I ein alder av 7 veker er han endå mindre enn mora var då ho vart født! ;) Seier kanskje mest om størrelsen på mora... 

torsdag 9. august 2012

Hentesett

Denne jakken har eg hatt lyst til å laga lenge. 
Monstermønster-Merete har modifisert Rosett frå Dalegarn, og den versjonen syns eg var så utrulig fin, så når Dale då har den gratis på sine sider, då måtte eg bare laga den. (tusen takk Merete, og Dalegarn)
Dermed er det blitt hentesettet til mini i magen! 
Måtte jo laga ei litå hua i tillegg, litt annleis enn i oppskrifta, men eg syns min versjon blei veldig søt. :)
 Knappevalget var ikkje akkurat lett, men dei søte sauaknappane kombinert med "sol"-knappane i gul-oransje, blått og brunt blei veldig bra! Må sei meg fornødde med mitt eget verk.... ;) 

Eg brukte Lanett i staden for Dale sitt babyull, rett og slett fordi eg likte kvitfargen bedre.... Dale sitt vart enten for gult eller for kvitt. Lanett var sånn midt i mellom, akkurat slik eg ville ha den! 

Så er det bare å håpa på at mini passar inn i hentesettet sitt, og ikkje er altfor stor når han kjeme. :)

søndag 27. mai 2012

Eit bittelite livsteikn...
Bloggen har vore ganske livlaus dei siste mnd.
Dei som er veldig kreative, kan sjå at under spøtet er det ein stripete mage som er litt større enn vanlig.
Inni der er mini, og han tar all energi i frå mor si...
Derfor har blitt litt lite blogging i vår. 
Men, nå er i allefall spøtet på pinnane! 
Det går i blått... Og ting til litle guten.
Veldig kjekt å kunna spøta noko til sin egen litle mini!! 
Hurra! 

fredag 10. februar 2012

 Islandsk sjal
 Årets første sjal er ferdig, ikkje det at eg trur det blir mange fleire.... Men, det var i allefall årets første. Tynt fint garn, og eit nydelig mønster! Er veldig fornøyd med resultatet! 
Sjalet starta på over 400 masker, men minka heldigvis i maskeantallet etterkvart, dei første rundane var evig lange... Egentlig greit at det gjekk fortare og fortare, hadde det vore omvendt hadde eg nok aldri  blitt ferdig. :) 


Nå håpar eg mottakaren av sjalet blir fornøyd....

Garn: Isager alpakka
Pinne nr 3,5
Oppskrift har eg fått frå snille Margrete.

tysdag 7. februar 2012

Takk, Margrete!
For ei kjempe fin korg, med utrulig masse flott garn, og oppskrifter! 
Kunne ikkje funne ein betre gave til meg.
Så håpar eg de er fornøydde med stolane de overtok då eg flytta. 
Nå er det islandske sjalet snart ferdig, skal berre festa litt trådar og blokka det. 
Det får bli neste innlegg... 
Trur det blir nydelig! 
Gledar meg til resten av oppskriftene!!
Hurra!