onsdag 18. januar 2012

Eg spøtar fremdeles, og her er eit bittelite livsteikn... 
Si sist har eg flytta til austlandet og har busett meg i Lier! 
Livet er godt, og eg nyte gode dagar saman med kjerasten, ny familie og saman med nye kollegaer. Herlig! 
Dessverre har det gått litt utover blogginga, men det betyr ikkje at eg ikkje spøtar. Nå når livet begynne å gå seg til og kvardagen er her blir det forhåpentligvis litt meir tid til spøt og blogging! 
Vettene på bilete er spøta etter ønske frå kjerasten. 
Han har egentlig lyst på ein mariusgenser, men eg syns han måtte ha vetter først... 
"Då vil eg ha Mariusvetter", sa han... 
Supert, tenkte eg, men det finns jo ikkje oppskrift på Mariusvetter! (I allefall ikkje som eg såg)
Då er det bare å bytta ut rosemønster med mariusmønster, og vips har ein mariusvetter. 
Som de alle veit må ein ha eit rødt innslag når det er snakk om Mariusmønster, rødt i kantane vart litt for dillete, så då ønskte kjerasten rød tommel... Litt rart kanskje? Men, kjerasten er veldig fornødd, og då må jo eg og vera det. :)

Strikka i smartgarn på pinne nr 3,5. To nøster blått, eit kvitt og bittelitt rødt.