tysdag 28. september 2010

Elvira

Elvira frå Rasmilla er ein fryd å laga.
Det er andre gong eg har denne på pinnane, eller denne begynte eg vel strengt tatt på i vår, og har endelig greidd å frigjera nokre strikkepinnar.... Veit ikkje heilt kvifor denne har tatt så lang tid, for den er veldig kjekk å laga. Eg hadde vel eit nytt prosjekt som var endå kjekkare... :) 
Nå er den i allefall ferdig! 
Og med søte lilla marihøner til knappar, vart den jammen ganske søt! :) 

  
Garnet er mjukt, tynt og deilig. Rasmilla´s yndlingsgarn 1. Eg kan verkeleg anbefala å bestilla garn frå Rasmilla, for det var ein veldig kjekke pakke som kom i posten. 
Nydelig garn innpakka i silkepapir, og med eit par twist... Fristar verkeleg å bestilla meir! 



Er den ikkje søt? 

torsdag 23. september 2010


Eit arbeidsspøt må ein ha.... Har du det?
Det er i allefall supert når ein går i vakter! 
For tida har eg eit hjerteteppe på pinnane. Passar veldig bra på arbeid syns eg. Det ligg klar i veska, og blir tatt opp viss det er tid.
Ein pinne eller to på ei vakt, nokre gonger mykje meir, andre gonger ingenting.
Det går med andre ord ganske seint med detta teppet....
Eg har heilt komt ut av tellinga på kor mange slike eg har laga, men det byrjar å bli ein del.
Ull eller bomull... Smak og behag...
Teppet eg driv på med nå er i Sandnes Duett. 

måndag 20. september 2010

Hjertelig hilsen 2....


Ka gjere ein vel når ein blir bedd i bursdag, og ikkje ha gave...?
Jo, då er det bare å starta på ei hua og spøta i vei! 
Ei ny hjertelig hilsen hua, litt større enn sist. 
Faktisk 20 fleire maskar, og nå er størrelsen perfekt!
Likt gadn, like pinnar.
Ulike fargar, i skikkelig Synnøve stil. :)

Hertelig hilsen hua frå Pickles.
Extra Fine Merino.

laurdag 18. september 2010

Clara

Dei siste dagane har eg hatt eit søtt, lite prosjekt på pinnane. Deilig å spøta noko som ikkje tar veldig lang tid! 
Småplagg er kjekt! :)
Dette søte, vesle prosjektet har vore ein fryd å laga. 
Ein liten diamantknapp bak syns eg passa heilt perfekt. Prikken over i en, rett og slett! :) 
Eg likar dessutan at plagg har navn! :) 
Og navnet Clara har eg bare gode minner rundt! :) 



Clara, design av Karin Vestergaard Mathiesen. 
Eg kjøpte gadn og oppskrift i København i sommar, 
men det går sikkert an å få tak i oppskrift på nettet og?
Gadnet er Isager Alpaca 2 (50% alpaca og 50% ull)

(Laga Clara i str 1 år, men syns kanskje den ser litt liten ut? Alt blir visst lite på pinnane mine, kanskje på tide eg har eit hint... :) )

onsdag 15. september 2010

Hjertelig hilsen....

Denne hua har eg hatt lyst til å laga lenge.... 
Så, når eg var så heldige og fekk to nøster i trøstepremie frå Pickles, måtte eg bare bestilla litt meir gadn, og litt fleire fargar sånn at denne hua kunne bli til. :) 

Pickles Extra Fine Merino, herlig gadn å spøta i. 
Det blir jevnt og fint, og mjukt og deilig. 

Men, størrelsen er litt liten...
Har nokon andre laga denne? 

Hua er i allefall for liten til meg, passar nok betre til ein 8-åring... :) Eg vel å tru at pinne nr 3.75 i staden for 4 er grunnen, og ikkje det at hovudet mitt er veldig stort.... (Trudde ikkje 0.25 hadde så mykje å seia!)

Fleire huer skal bli, i litt større størrelse! ;) 

måndag 13. september 2010

Stolt...










Det "kvita vidunderet" er endelig blitt ferdig, i god tid til bryllup om eit par veker... :) 
Er stolt og glad over å ha fått det til akkurat sånn som eg vil, sjølv om oppskrifta var heller dårlig. Oppskrifta fann eg på ravelry, etter masse leiting etter den perfekte boleroen. Plutselig var den der! Fasola har laga ein nydelige bolero, og lagt ut eit litt vanskelige oppskrift på bloggen sin. Men, etter litt prøving og feiling fekk eg det til. 
Og resultatet... 
Skal eg seia det ein gong til? 
Eg er fornøyd! Og stolt, og gledar meg til å bruka den. :) 

Chasmere Fingering, Lotus Yarns.
Utrulig mjukt og fint, og veldig dyrt. 
(Men, til denne boleroen brukte eg bare litt over eit nøste, og då er det jo ikkje så farleg om garnet kostar litt... )

søndag 5. september 2010

Ull



Myrull


Sauene er på veg heim frå sommarferien på heia. 
Der har dei blitt store og fine, og fått flotte ull. Nå er det på tide å koma seg heim, og bli kvitt ulla.
Og det er jo me som spøtar og heklar glade for! :) 
Ull er ein fine ting!