laurdag 12. februar 2011

Anbefaling ein lordagsformiddag!

Denne boka kan absolutt anbefalas. 
Eg kom over ein heilt nydelig blogg for ei stund sidan; tentenknits
Nydelige bilder og veldig mange flotte prosjekt.... God inspirasjon med andre ord.
Sidan eg er veldig glad i giraffar, falt eg pladask då ho viste ein giraff ho hadde laga frå boka "itty-bitty-toys". Dermed fekk denne boka vera med meg heim frå USAturen min. 
Har ikkje fått prøvd ut oppskriftene endå, men det er mykje som fristar... 
Søte sauer, giraff, flodhest osv osv.... 
Glede meg til å prøva!

God helg!

2 kommentarer:

Silkesauen sa...

Ja, denne boka kan eg også anbefale! Lammet derifrå vart til front-figur for bloggen min, og både lammet og fleire andre figurar av Susan B. Anderson ligg også gratis ute på nettet. Forresten ein glimrande måte å lære seg å bruke engelske strikke-oppskrifter på (i alle fall for meg), sidan kosedyr ikkje treng å "passe" verken i storleik eller utsjånad. Det er moro å sjå inne på Raverly kor mange ulike personlegdomar det er blitt f eks av lammet! God helg!

Jannike sa...

ojoj.. dette hørtes så bra ut at boken allerede er bestilt (kr 132 på tanum må kunne sies å være rimelig)