fredag 12. august 2011

Stolt...



Denne tittelen har eg brukt før, då om noko eg hadde laga, som eg var og framleis er ganske stolt av.
Nå er det om noko heilt anna.

Det har vore nokre fæle, rare, uvirkelige veker etter 22.juli.

Men,
Eg er stolt over landet vårt!
Eg er stolt over å vera norsk!
Eg er stolt over at me er eit folk som ikkje først og fremst tenker hevn, men tenker på framtida vår og ikkje minst framtida til alle som vart ramma.
Eg er stolt over å ha ei regjering og ein statsminister som går føre med eit godt eksempel.
Eg er stolt over å ha eit kongehus som viser at dei er menneske, som oss, og vågar å visa følelsar.

I går kjørte eg over Haukelid på vei til austlandet.
For eit fint land me bur i!!
Eit land der ein stoppar langs vegen og kjøpar geitost,
medan ein slår av ein prat om koss livet har vore si sist.
Eit land der me går på turar etter raude T'ar...
Eit land der blåkokkene framleis får veksa lang vegkanten! Og sauer og geiter er dyr ein stadig må stoppa for....


Eg er glad i landet mitt! 
Eit land og eit folk me skal ta vare på!!
Og for tida er eg ekstra takknemleg for at eg er født akkurat her. 
Eg har alt eg treng, og meir til... 

Kanskje me burde vera flinkare til å vera takknemlige og ikkje ta alt som sjølvsagt!
 Er det noko me er blitt minna på så er det at morgondagen veit me lite om...
Så her er dagens oppfordring! :)
Vis at du bryr deg!
Vis det til kjerasten,
til foreldre,
til søsken,
til naboen,
til ungar som svelt i Afrika



3 kommentarer:

Astrid sa...

JA! Me har så utruligt masse å var takknemlige for! God påminnelse :)
Kos deg på austlandet!

HusmorDronninga sa...

For et fint innlegg Synnøve!
Me har da virkelig heilt fantastisk bra her i Norge!

Kos deg masse på austlandet...håpa me finne ein dag å treffast på snart... :)

Klem

Anonym sa...

Hei Synnøve,
For ein fin blogg du har, for nokre søte tøfler du nett hadde laga og for eit nydeleg innlegg om Norge. Det varma eit norsk hjarta i La Paz! :)
Alt godt frå Linda (Mehus)