laurdag 12. mars 2011

Prosjekt


Det har vore stille på bloggen min ei lita stund. Det er ikkje fordi eg har komt inn i ein laber strikkeperiode. Neidå, eg har opptil fleire prosjekt på gang. Men, eg får ikkje gjort dei ferdige...  Det er jo så mykje kjekkare å starta på nye ting. :) Denne helga har eg starta eit prosjekt med meg sjølv.  
Eg har kalla det "Prosjekt Feste Trådar".
Det er kanskje noko av det kjedeligaste eg veit, å feste trådar.
Men, nå må det gjerast. To fine plagg er ferdige, eller i allefall ferdig spøta. Så er det berre å setja i gang å festa litt trådar. Fort gjort når ein berre får starta... 
Ønsk meg lykke til! :)

Ha ei flott helg, med eller uten festing av trådar! 

5 kommentarer:

Marit sa...

Kjenner til det der! Men så godt når en til slutt blir helt ferdig! God helg! Marit

famstein sa...

Det såg spennandes ut:)
Eg har strikka ferdi tunikaen i duo-garnet. Den vart ganske søte med ein liten hello kitty knapp til pynt. Me må nok ha oss ein garn-tur igjen utpå vårparten:)
God helg frå tanterut:)

Klara sa...

nye prosjekt, seier du?? trur irene er totalt oppgitt over meg for tida. treng hjelp!! eller inspirasjon til trådfesting! eg har forresten ikkje levert strikkepinnane dine tilbake..men du strikkar vel berre på dine nye for tida.. hihi me snax

Synnøve sa...

Trådfesting er utfordrende for tålmodigheten! Stå på, det blir jo så fint til slutt :)

G-Anette sa...

Gleder meg til å se resultatet av dette tråd-virvaret :) Fargene så nydelige ut! Hold ut :)

Klem