fredag 15. april 2011

"Nermast som eit mirakel!"

 I fjor sommar fekk eg meg nytt fint tregolv på verandaen min, og pynta fint med litt planter. Kjempe fine lilla hortensia! Men, altså... Utover hausten skjedde jo det som pleier å skje, dei visna, og er blitt meir eller mindre brune. Kanskje har eg vore litt late, eller så kan eg jo skylda på at eg var vekke store deler av hausten... Uansett har dei visna plantene berre blitt ståande på verandaen. Ikkje akkurat vakkert, og eg har fleire gonger tenkt at eg skulle ha rydda dei vekk. Men, så her ein dag eg kikka ut på verandaen såg eg dette:


 Grøne spirer!!!
"Nermast som eit mirakel!"
Eg visste jo at desse plantene kunne overvintra, men hadde aldri trudd at dei kom til å overleva ein kalde vinter! Du kan seia at eg er ganske glad for at eg har vore litt late....


Men, så har det altså skjedd.... 
Eit aldri så lite mirakel, på min veranda! 
Passar jo egentlig veldig bra i dessa påsketider.... 

onsdag 13. april 2011

Knappar

Eg kjedar meg. 
Og er litt frustrerte... 

Trudde armen min kanskje var blitt litt bedre, men den er visst fremdeles ikkje heilt god. Så det går veldig smått med mine kjekke strikkeprosjekt. Kjedelig! Prosjekt "strikk-plagg-til-små-guttar" er derfor litt tregt, men eg har to veldig fine plagg på pinnane! :) Måtte bare armen bli heilt bra, veldig fort....

Men, ka gjere ein når hovedhobbyen må ha pause?? 

Jo, ein kan feks surfa på andre bloggar og få nye idear! Eg kom over nokre heilt utrulig søte knappar på ein blogg her ein dag. (huske dessverre ikkje kim det va...?) Men, knappane var i allefall kjøpt på etsy. Og då måtte eg jo innom der for å snopa litt knappar! :) joyafibers har eit kjempe utvalg! Det var mange knappar som hadde lyst å bli med meg heim, men ein må jo begrensa seg litt. :) Dei som kjenne meg godt vett at eg er LITT svak for giraffar, dermed måtte giraffknappane berre kjøpast! :) Og eg er SÅ fornøyd! :) Glede meg til å finna plagg som passe til knappane!! :)

(og Hanna, nå har "tante" Synnøve masse kjekke knappar å leka med....)


Oppdatering: Bloggen kor eg fant knappatipset var benteslekestue

torsdag 31. mars 2011

Award og utfordring!


Jeg har fått en morsom og kjekk award/utfordring fra Siren med den flotte bloggen "Hekta på strikk"! Tusen takk, Siren! :) Ser at denne awarden går som en vind i bloggverdenen, og det er kjekt å lese litt om andre bloggere... Andre ting enn oppskrifter/hekling/strikking osv. Moro å bli litt bedre kjent, syns jeg. For det er jo veldig fasinerende å ha "bloggvenner", små smil og gleder i hverdagen! Nå er det min tur til å gi dere litt mer info om meg selv!

1.  Hvorfor begynte du å blogge?
     For litt over et år siden fikk jeg en utfordring fra en venninne om å lage en monsterbukse til dattera hennes, og det sa jeg selvsagt ja til. Jeg søkte på internett etter oppskrift og kom over MANGE flotte blogger. De inspirerte meg, og gav meg mange nye ideer! Etter en liten stund i tenkeboksen slengte jeg meg på bølgen. Og det har vært en fryd så langt! :) Inspirasjon og nye bloggvenner! Herlig! :)


2.  Hvilke blogger følger du?
     Jeg følger mange blogger, blogglista er lang.... :) Og blir stadig lengre... Hurra! :)


3.  Favoritt make-up?
     Tja, har jeg en favoritt tro? Bruker Lancome sin mascara, ID-bare-mineral sine produkter, øyenskygge fra Dior og YLS. Og ellers det som passer....


4.  Favoritt klesmerke?
     Jeg kjøper det jeg liker jeg, neste uten tanke på klesmerke eller pris.... Nesten, altså. :) For tiden har det gått i Adidas og Röhnisch... Treningsklær med andre ord. Må jo premiere meg selv med nye treningsklær når jeg har vært flink til å trene i flere mnd. Kjedelig å være "hun der i den lilla toppen" på trening... ;) Dessuten er det litt inspirerende med nye treningsklær. :)


5.  Du "MÅ" ha make-up-produkt?
     Mascara, uten tvil.


6.  Favorittfarge?
     Hmm, er veldig glad i brunt, grønt, lilla osv, men en favoritt? Hmm, nei ikke for tiden.


7.  Favorittparfyme?
     Jeg har to parfymer som jeg liker veldig godt:
     "Promesse" fra cacharel og "Bright Crystal" fra Versace.


8.  Favorittfilm?
     Vanskelig valg... Den jeg har mest lyst til å se om igjen er "My sisters keeper". For de som ikke har sett den; se den! Utrolig flott film, trist, rørende og får deg til å tenke... Jeg har aldri i hele mitt liv felt så mange tårer på kino, grein når jeg gikk ut fra kinoen til og med. hehe.


9.  Hvilket land du vil besøke og hvorfor?
     Nå har jeg vært veldig mye ute å reist de tre siste årene, men jeg har ikke vært i Australia enda, og det kunne jeg virkelig ha tenkt meg. Eller biltur i Spania, Italia, Frankrike eller noe.... Eller faktisk i Norge. Trenger ikke alltid å reise så veldig langt. :)


10. 5 ting du MÅ ha i vesken?
      Busskort, lommebok, lypsyl, kleenex og håndkrem.

Har lyst til å utfordre Husmordronninga KjerstiDittemor og Marit med Marmeladebloggen! Håper dere tar utfordringen!


Tusen takk for alle gode ord, og "god bedring"-helsinger! Det varmer, og betyr mye! :) Armen er blitt mye bedre, og jeg har begynt å strikke igjen, litt i allefall. :) Må bare passe meg litt....Nye, kjekke prosjekt... God helg! :)

laurdag 26. mars 2011

Pausehelg

Litt veldig masse hekling ein kveld har ført til ein litt vond høgre arm.... Eg syns ikkje det er så stas å ha ein murrande senabetennelse på vei, sånne problemer har eg ikkje lyst til å få! Det er vel kanskje ikkje akkurat verdas undergang, men utrulig kjedelig å ikkje kunna hekla og strikka. :) 

Så i helgå har eg litt håndarbeidspause. Sjølvsagt ingenting eg har meir lyst til å gjera, sånn er det jo alltid. Det ein ikkje kan gjera er det ein har aller mest lyst til å gjera.... Tipper det er fleire som kjenner seg igjen? :) Også eg som har så mange kjekke prosjekt eg har lyst til å starta på! Får prøva å vera litt kreativ og finna på noko anna å gjera, som eg ikkje treng bruka armane til. 
Forslag??

Det er kanskje nå eg skulle finna boka eg begynte på for lenge si, men som ligg ganske urørt på nattbordet... Eller egentlig burde eg ut ein tur. Her i Stavanger er det nydelig sol og skikkelig vårstemning! Det er herlig at det går mot lysare tider. Fuglane kvitrar og folk ser glade og fornødde ut! 
Våren er ei herlig tid! Og snart kjem kvitveisen.... 
Hurra! :)

Husk å still klokka i nått! 

måndag 21. mars 2011

Etui



Til jul fekk eg strikkepinnar!
Eg har vel i grunnen flust av strikkepinnar, men får jo aldri nok? 
Dessutan hadde eg veldig lyst på addiclick sitt strikkepinnesett. Tre lengdar på rundpinnane, og pinnestørrelsar frå 3,5 til 10. Så er det berre å klikka på tjukkelsen ein ynskjer å strikka med! Lett og enkelt, og fungerer supert! :) Eg skulle jo helst hatt litt tynnare pinnar i tillegg, men får vel begynna å strikka med litt tjukkare garn i staden!
Dessutan er etuiet delikat....
Og tar seg godt ut i lag med "namaste" strikkepinneetuiet mitt til settpinnar. :)
Juhu! :)

tysdag 15. mars 2011

Reprise

Denne genseren har eg laga før.
(Mai 2010, Gamle verk)
 Trygt og godt, då veit eg iallfall at resultatet blir bra.
Genseren er frå "mix barn 1002" frå Sandnes Garn. Denne gongen har eg brukt alpakka garnet til Pickles. Eit litt tynnare garn enn Sandnes sitt alpakka garn så genseren er nok eit hakk mindre enn i orginalen. Men, eit fint garn å spøta med.  
Veldig fin genser, syns eg, og lett å spøta. Litt trådar å festa, men det er jo berre å ta ei prosjekt helg!! ;) Fungerte i allefall fint for meg... 
Kombinasjon av fargeskiftningar og vrange maskar er annleis, og utrulig flott! 
 I oppskrifta er fargane i grønn og rosa/lilla, nydelig.
Denne gongen vart det blå/lilla. Syns det vart vedig bra det og! 

måndag 14. mars 2011

Fort gjort...

Tjukke pinnar og tjukt garn, liten guttejakke.
Perfekt spøt for ein 7 timars togtur!
Syns det er utrulig vanskelig å finna fine plagg å spøta til guttar! Fleire som har det problemet? Tips mottas med takk, mange av venninnene mine får nemlig guttebabyar....
Denne jakken frå Drops syns eg såg veldig søt og fin ut på bildene. Fine fargar og fin fasong.
Men, eg er ikkje fornøyd med resultatet. Ikkje i det heila tatt. Vett ikkje heilt om eg kan gi den vekk ein gong....
"Rundfellinga" er ikkje fin, syns eg. Grusom, rett og slett. Veit ikkje om det er min feil eller oppskrifta, men set ein knapp på at det er oppskrifta sin feil. ;)  Alt for kjapp felling i starten, slik at det blir altfor markert, trur nok eg ville ha juksa litt i forhold til oppskrifta neste gong. 
Kanskje det bedrar seg etter ein vask, men eg har mine tvil... 
Garn: Drops Merino Extra Fine
Pinne: 3,5 og 4,5
Utrulig herlig garn, dessuten er det superwash, og det er jo eit stort pluss! :)

PS. Prosjekt "feste trådar" gjekk ganske greitt i helgå. Dette er første "ferdige" prosjekt, manglar berre knappane... Neste ferdige prosjekt er klar for visning snart. 

laurdag 12. mars 2011

Prosjekt


Det har vore stille på bloggen min ei lita stund. Det er ikkje fordi eg har komt inn i ein laber strikkeperiode. Neidå, eg har opptil fleire prosjekt på gang. Men, eg får ikkje gjort dei ferdige...  Det er jo så mykje kjekkare å starta på nye ting. :) Denne helga har eg starta eit prosjekt med meg sjølv.  
Eg har kalla det "Prosjekt Feste Trådar".
Det er kanskje noko av det kjedeligaste eg veit, å feste trådar.
Men, nå må det gjerast. To fine plagg er ferdige, eller i allefall ferdig spøta. Så er det berre å setja i gang å festa litt trådar. Fort gjort når ein berre får starta... 
Ønsk meg lykke til! :)

Ha ei flott helg, med eller uten festing av trådar! 

onsdag 23. februar 2011

Iphone-etui

I går trudde eg at eg hadde mista det fina Iphone-etuiet mitt, som eg har hatt trufast med med i over eit år... Jaja, då er det vel bare å laga eit nytt eit då? Og sånn vart det. Eit lilla denne gong. Sjølvsagt dukka det gamle etuiet opp, men ka gjere vel det? 

 Her ein dag dumpa den årlige Valentine-forsendelsen min ned i postkassa.... Kvart år sidan ´99, har eg fått denne pakken frå au-pair familien min i USA. Utrulig koselig... Hjertecookies med skikkelig amerikansk pynt. :) Ei vekes tid i posten har satt sine spor, men det er då veldig sjarmerande med slik pakke i posten. 

Litt seint, men Happy Valentines Day! 

tysdag 15. februar 2011

Dilemma...

Då Pickles hadde salg på alpaca garnet sitt for ei stund sidan, kunne eg jo ikkje motstå fristelsen.... Pickles er som alltid kjappe med levering, og bare eit par dagar etter at eg hadde bestilt kom det ein lilla pakke i posten. Herlig, masse fint garn... 

Det vert ein ønskereprise denne gong... 
Bolen og ein arm er ferdig. 
Men eg har eit aldri så lite dilemma når det gjeld fargevalg til salen... Luksus problem, egentlig. 
Greier ikkje heilt å bestemma meg. 
Blåfargar og lillafargar?
Rosafargar og blåfargar?
Blåfargar, litt okergult og rosa?

Hmmm....