Varme hender har eg ikkje...
Det får eg høyra ofta!
Men då er det jo supert med pulsvarmarar.
Desse såg eg i NY då eg var innom Purl i SOHO. I ein heilt nydelige raudfarge, og det mest fantastiska garnet ein kan tenka seg... (og, som eg sa i sist innlegg; dyrt garn)
Alpakka/ull frå Pickles er ein god erstatning, syns eg. Og det passa bra for eg hadde eit nøste til overs etter mysteriestrikket. :) ( Tenk at eg fekk brukt nåken restar!!)
Eg hekla på ein liten pyntekant med litt anna restegarn eg fann, syns det blei litt søtt på dei ellers ganske røffe pulsvarmarane...
Må ha med eit bilete av dei visna rosene i dag og...
Nå har dei blitt klyppte, og blitt lagt i ei skål.
Syns dei tek seg fint ut, og pyntar vinduskarmen min. :)
God helg!