tysdag 30. oktober 2012

Babyteppe

 I løpet av sommaren og hausten laga eg litt småplagg til mini i magen. Eit av plaggå eg er aller mest fornøyd med er eit teppe i ein nydelige, mørk, varm blåfarge. 
 (litt feil farge på bildene)

Mønsteret er eit Idena mønster 20606 som eg bare har ein kopi av. Eg falt pladask for teppet då ei venninna hadde fått det til minsteguten sin, og fekk ho til å få tak i oppskrifta til meg. (takk, Karen) 
Og når eg fekk ein liten gut i magen passa det utrulig godt å bruka Tulliballgarnet til teppet. 

Tulliballgarnet er aldeles herlig! 
Klem er navnet på garnet, merionull-silke-kasjmir. 
Med andre ord mjukt og deilig, heilt perfekt til eit babyteppe! 
Takk, tulliballjenter for eit supert garn!

PS. Litle Jørgen blei født 11.september, 4 veker før tida... Og tar opp mesteparten av tida, derfor litt lite blogging! Han er frisk og fin, og begynne å bli "store" gut! I ein alder av 7 veker er han endå mindre enn mora var då ho vart født! ;) Seier kanskje mest om størrelsen på mora...