torsdag 9. august 2012

Hentesett

Denne jakken har eg hatt lyst til å laga lenge. 
Monstermønster-Merete har modifisert Rosett frå Dalegarn, og den versjonen syns eg var så utrulig fin, så når Dale då har den gratis på sine sider, då måtte eg bare laga den. (tusen takk Merete, og Dalegarn)
Dermed er det blitt hentesettet til mini i magen! 
Måtte jo laga ei litå hua i tillegg, litt annleis enn i oppskrifta, men eg syns min versjon blei veldig søt. :)
 Knappevalget var ikkje akkurat lett, men dei søte sauaknappane kombinert med "sol"-knappane i gul-oransje, blått og brunt blei veldig bra! Må sei meg fornødde med mitt eget verk.... ;) 

Eg brukte Lanett i staden for Dale sitt babyull, rett og slett fordi eg likte kvitfargen bedre.... Dale sitt vart enten for gult eller for kvitt. Lanett var sånn midt i mellom, akkurat slik eg ville ha den! 

Så er det bare å håpa på at mini passar inn i hentesettet sitt, og ikkje er altfor stor når han kjeme. :)

søndag 27. mai 2012

Eit bittelite livsteikn...
Bloggen har vore ganske livlaus dei siste mnd.
Dei som er veldig kreative, kan sjå at under spøtet er det ein stripete mage som er litt større enn vanlig.
Inni der er mini, og han tar all energi i frå mor si...
Derfor har blitt litt lite blogging i vår. 
Men, nå er i allefall spøtet på pinnane! 
Det går i blått... Og ting til litle guten.
Veldig kjekt å kunna spøta noko til sin egen litle mini!! 
Hurra! 

fredag 10. februar 2012

 Islandsk sjal
 Årets første sjal er ferdig, ikkje det at eg trur det blir mange fleire.... Men, det var i allefall årets første. Tynt fint garn, og eit nydelig mønster! Er veldig fornøyd med resultatet! 
Sjalet starta på over 400 masker, men minka heldigvis i maskeantallet etterkvart, dei første rundane var evig lange... Egentlig greit at det gjekk fortare og fortare, hadde det vore omvendt hadde eg nok aldri  blitt ferdig. :) 


Nå håpar eg mottakaren av sjalet blir fornøyd....

Garn: Isager alpakka
Pinne nr 3,5
Oppskrift har eg fått frå snille Margrete.

tysdag 7. februar 2012

Takk, Margrete!
For ei kjempe fin korg, med utrulig masse flott garn, og oppskrifter! 
Kunne ikkje funne ein betre gave til meg.
Så håpar eg de er fornøydde med stolane de overtok då eg flytta. 
Nå er det islandske sjalet snart ferdig, skal berre festa litt trådar og blokka det. 
Det får bli neste innlegg... 
Trur det blir nydelig! 
Gledar meg til resten av oppskriftene!!
Hurra!


onsdag 18. januar 2012

Eg spøtar fremdeles, og her er eit bittelite livsteikn... 
Si sist har eg flytta til austlandet og har busett meg i Lier! 
Livet er godt, og eg nyte gode dagar saman med kjerasten, ny familie og saman med nye kollegaer. Herlig! 
Dessverre har det gått litt utover blogginga, men det betyr ikkje at eg ikkje spøtar. Nå når livet begynne å gå seg til og kvardagen er her blir det forhåpentligvis litt meir tid til spøt og blogging! 
Vettene på bilete er spøta etter ønske frå kjerasten. 
Han har egentlig lyst på ein mariusgenser, men eg syns han måtte ha vetter først... 
"Då vil eg ha Mariusvetter", sa han... 
Supert, tenkte eg, men det finns jo ikkje oppskrift på Mariusvetter! (I allefall ikkje som eg såg)
Då er det bare å bytta ut rosemønster med mariusmønster, og vips har ein mariusvetter. 
Som de alle veit må ein ha eit rødt innslag når det er snakk om Mariusmønster, rødt i kantane vart litt for dillete, så då ønskte kjerasten rød tommel... Litt rart kanskje? Men, kjerasten er veldig fornødd, og då må jo eg og vera det. :)

Strikka i smartgarn på pinne nr 3,5. To nøster blått, eit kvitt og bittelitt rødt. 

tysdag 4. oktober 2011

Eg rydde. 
Eg pakke. 
Og eg e snart på flyttefot...
Innimellom redigere eg litt bryllupsbilder.
Innimellom spøtar eg litt.
Den siste veka har eg strikka huer. Det er jo haust, og håve trenge litt ekstra varme. Eg likar egentlig ikkje å gå med hua på håve, for eg endar alltid opp med å sjå ut som ein 8 år gammale gut... Men, denne hua syns eg va veldig fine! Også hadde eg det perfekta garnet liggande. Ei hua blei til to, og nå er jammen den tredje på pinnane. 

Oppskrift; Sweet Caroline
Garn; Baby Silk (blå), Mirasol (gul),
Begge frå "du store alpakka"
Pinne; 3,75

søndag 18. september 2011

Tips på ein søndagsformiddag!

Detta internettet er jo heilt fantastisk! 
Eg dumpar stadig vekk bort i fantastiske bloggar og nettstader med utrulig mange flotte bilete og enormt med inspirasjon. I helga har eg funne ei sida de absolutt på ta ein kikk på! 
Eg reknar med fleira av dokken surfar frå den eine bloggen til den andre og finn inspirasjon, akkurat som meg? Syns forresten det er utrulig koselig med små kommentarar på innlegga mine.


Tusen takk alle, veldig kjekt med så mange herlige bloggvenner! :)

Det er fleire som har spurt etter oppskrift på "gul drøm". Eg tok så klart notater underveis, men det vart vel ikkje akkurat noko andre forstår seg på! ;) Og sjølv om eg er ganske fornøyd med resultatet må det gjerast nokre endringar, men kanskje det blir ei oppskrift tilgjengelig etterkvart... 

Go søndag, folkens!

onsdag 14. september 2011

Kjekt å ha
Kjekt å ha
Får nok bruk for det ein vakker dag....
Og, ja, klokkeboksen frå fossil har eg jammen fått bruk for!
Gul og veldig søt
Og full av fine knappar.
"Tantebarnet" elske innholdet i boksen,
og eg elske boksen!

PS. Gratulera med dagen til tvillingane! Hipp, Hipp Hurra! :)

søndag 11. september 2011

Gult=haust

I dag vakna eg av regnet.
Søndagsmorgon og pøsregn.
Det regna inn...
Trur det er blitt haust!
Då passar det jo veldig godt at det gula prosjektet mitt er ferdig, manglar berre nokre knappar.
Fornøyd?
Tja... 
Mykje som kan endras til neste flettejakke, men, den er blitt ganske bra, og eg fekk i allefall bevist at det går an å kopiera ein jakke utifrå eit bilde! 
Moro! :)





Jakken blei veldig liten, på ingen måte same størrelse som på jenta i Stockholm, meir nyfødt!
 Men, det må jo bli sånn når garnet er tynnare og pinnane like så. 
Neste gong blir det i annleis. 

Fakta
I underkant av 2 nøster Mirasol
Pinne nr 3.5 (vart litt "tett", så kunne godt brukt 4)

PS. Det er klart at eg kunne ha manna meg opp og spurt om oppskrifta til jakken, men eg trur egentlig at det var ein gammal jakke, kanskje frå 70-80 tallet. Og jenta var finsk. Dessuten har det vore veldig kjekt å prøva å få til å kopiera eit bilde!! :)

torsdag 25. august 2011

Gul drøm...

Prosjekt gul drøm er så smått i gang... 
Må seia eg er litt spent på om eg greier å kopiera jakken! 
Trur aldri eg har spøta på frihånd før, så det er litt spennande! :)
Men ved hjelp av penn, papir og bilder skulle vel det gå bra? Eg er i allefall godt i gang med planlegging. Kjøpte meg eit fint, gul/oransje garn på Oslotur, og håpar det kan bli bra til denne jakken! Det er nok litt tynnare enn i den orginale jakken, men då blir den jo bare litt mindre... ;)