søndag 13. juni 2010

Nye sko...

Ungane på barnaheimen fekk seg nye sko i haust.
Dei trong verkeleg å ha noko på føtene. 
Murgolv er ganske kaldt å springa berføtt på!

I dag har eg og fått meg nye sandalar. :)
Garnet eg kjøpte medan eg arbeidde på barnaheimen er blitt til varme, gode sandalar.




Eg håpar sjølvsagt på ein varm og flott sommar. 
Men, gledar meg t hausten då eg kan ta i bruk desse sandalane. 
:)

Oppskrift frå hookcandy.
Litt endringar måtte til for å få dei til å passa mine monsterføter,
men nå er dei blitt riktig fine, syns eg. 

tysdag 8. juni 2010

Afrika
Hausten 2009 var eg i Kenya/Tanzania. 
Flotte, gode minner...
På eit marked fann eg desse nøstene. Greidde jo ikkje å gå i frå dei.
Men, ka ska eg bruka dei til?
Forslag mottas med takk. :)
Garnet er ganske tjukt. Ull. 
4 nøster i herlige fargar. 
Sjal?
Hekla?
Hmm....


Kan ikkje nevna Afrikatida mi utan å visa eit lite glimt av ungane mine på
Hope House Babies Home
Ungane er nydelige.
Ikkje sant? 
Sårt sakna. 
Kanskje det blir ny tur til hausten. Det er i allefall lov å håpa.


tysdag 1. juni 2010

Apekatten min har venta  tolmodig i lange tider... 
Nå har han begynt å bli litt leie... 
Med store auer ser han på meg og spør, daglig, "ka tid e d min tur?". 

Og i dag, endelig, skal han få si tid på bloggen. 
Vel fortjent! 
Så her er han, apekatten, som enn så lenge kosar seg saman med elefanten min. (sjå tidligare innlegg) Begge ventar på nye heimar, viss "mor" greier å gi dei frå seg då.... :) 
Til slutt eit lite glimt frå verandaen min.... :) 
Sommar og sol og blommar. 
Herlig! :)

torsdag 27. mai 2010

Tenk at eg har fått ein award! :) 
Det er jo veldig stas at nokon syns så godt om bloggen min! 
Så, tusen takk Veronica!

Denne awarden går ut på at eg skal fortelja 7 interessante fakta om meg sjølv, 
og deretter gi awarden vidare til 7 andre bloggarar... :)

Kva er interessant å veta om meg då?? Her er sju fakta:
-Eg har faktisk ALDRI vore i Sverige... Men, drømme om ein liten ferie hjå dei blå og gule...
- I 98/99 var eg au-pair i Milwaukee, USA. 
- Har forelska meg heilt i sjokoladeisen til Hennig Olsen is, den med browniesbetar i. Trur eg kunne ha ete ein heil boks aleina. :)
-Ein del av hjerta mitt er mørkeblått og kvitt! Heia Viking! 
-Eg er veldig svak for stilreine duppedingsar, som feks Mac og iPhone. 
-Likar system og orden
-Eg sluke alt av sjukehus-tv-seriar...


Desse bloggane fortjener ein award:

Enormt flotte bloggar, som eg blir veldig inspirert av! :)

fredag 21. mai 2010

Blått i blått...

Eit herlig blått gadn kom t meg, innpakka i koselige pakke...
Enormt mjukt og godt gadn.
Viking-garn, pure milk fiber. 
Deilig.


Det måtte bli nåke fint smått.
Så nå har det blitt ein jakke,
ei djevelhua og eit par med sokkar.

Fekk jammen meg brukt knappane eg kjøpte tidligare og. :) 
Syns det har blitt eit fint sett, 
og glede meg til å kunna gi det til ein liten tass. 

torsdag 13. mai 2010

E d nåke så e finare enn kvitveis??
Eg har mine tvil... :) 
Fantastisk å rusla rundt på tur og bare sjå kvitt på kvitt på kvitt i skogen. 
Det likar eg! 

Her er plagget eg har dreve på med den siste tida. 
Til meg sjølv, faktisk! :)
Trur den kan bli god å ha....

Så har eg fått endå ein pakke med knappar. 
Kjekt med pakke i posten altså.
Denne gongen var knappane frå e-bay. 
Får sjå om eg finn prosjekt å bruka dei på! 


fredag 7. mai 2010

Gamle verk!

I mangel på nye, ferdige prosjekt får eg ta fram nokre av prosjekta eg hadde i vinter. 
Den lilla jakken er i frå eit gamalt spøtahefte eg fant heima hjå mor. Eg elske å finna gamle, fine oppskrifter! :) 
Hjerteknappane gjorde heile susen, syns eg. 

Genseren, hua og vettene er i alpakka og oppskrifta fann eg i "mix barn 1002"-heftet frå SandnesGarn. Likar mønsteret og fargane utrulig godt. Men, syns ofta det er vanskelig å få alpakkaspøt til å sjå fint ut, blir ofta sjåande ut som om det er ujevnt spøta.... Eg skyldar på garnet! :)
God helg, alle i samen! 
Nydelig ver, som må nytast, for dei som kan det.... 

måndag 26. april 2010

Småting

Skaffe seg penger, gods eller gull
Arve et slott, det kan vi, men hva er vel det
Mot gleder som hverdagen gir?

Reise rundt jorden, kjenne seg fri
Lande på månen, det kan vi, men hva er vel det
Få øynene opp og du ser...

Småting, småting, være til nytte
Småting, småting, det er å lytte.
Småting, småting, det er å være gla.

Nåken fleire små prosjekt er blitt ferdige i løpet av helgå. 
Fleire søte, små sko.
Og ei hua, som allerede har fått ein stolt og fornøyd eigar! :)

onsdag 21. april 2010

Søte, søte småsko.

Desse tøflene er jo verdas søtaste....  :)
Og bitte, bitte små. 
Eit større par i ein litt annan design og farge er på vei. Oppskrifta er frå hookcandy. Veldig greie oppskrifter, på engelsk. 
Litt prøving og feiling må jo til, men etter eit par tøfler går det veldig greitt! :)

(Løparen på bordet er laga av mor. Kjempe fine!) 

søndag 18. april 2010

Knappar...

Her ein dag fekk eg ein pakke i posten. 
Ikkje møkje som er kjekkare enn det. :) 
Inni pakken var det fine knappar som eg bestilte for ei lita stund sidan. 
Glede meg til å finna eit ferdig prosjekt dei kan pryda! :)


Trur eg har begynt å samla på knappar eg.... :)
Sjekk ut kor eg fann dei fine knappane!.