I dag vakna eg av regnet.
Søndagsmorgon og pøsregn.
Det regna inn...
Trur det er blitt haust!
Då passar det jo veldig godt at det gula prosjektet mitt er ferdig, manglar berre nokre knappar.
Fornøyd?
Tja...
Mykje som kan endras til neste flettejakke, men, den er blitt ganske bra, og eg fekk i allefall bevist at det går an å kopiera ein jakke utifrå eit bilde!
Jakken blei veldig liten, på ingen måte same størrelse som på jenta i Stockholm, meir nyfødt!
Men, det må jo bli sånn når garnet er tynnare og pinnane like så.
Neste gong blir det i annleis.
Fakta
I underkant av 2 nøster Mirasol
Pinne nr 3.5 (vart litt "tett", så kunne godt brukt 4)
PS. Det er klart at eg kunne ha manna meg opp og spurt om oppskrifta til jakken, men eg trur egentlig at det var ein gammal jakke, kanskje frå 70-80 tallet. Og jenta var finsk. Dessuten har det vore veldig kjekt å prøva å få til å kopiera eit bilde!! :)


















