fredag 2. november 2012

Varme til eit lite håve....

Litt småplagg måtte eg jo laga til mini, veldig kjekt med plagg som er laga på eit blunk... 
Sjølv om dei har ein tendens til å ligga halvferdige ei stund, for snorer er jo forferdelig kjedelig å laga!! ;) Hua vart laga i sommar, og fekk snorer i går. Og eg vart overraska, det var jo slett ikkje så  gale å strikka dei snorene.... 
Ska prøva å huska det til neste gong.
 Oppskrifta er frå bloggen til Gro med strikka snorer. 
Neste gong ska eg plukka opp masker der eg vil snora skal starta, det tenkte eg ikkje på denne gongen... :) Så sleppe eg å sy dei på når dei er ferdige!
Garn; alpakka rester
Trur eg brukte pinne nr 2.5, men huske ikkje heilt. 
Hua passar fint til ein liten pjokk på rundt 4kg. :)

4 kommentarer:

Anne Marthe sa...

Søt liten babylue<3

Frihet sa...

Så søt!!! Jeg liker blått ;)

Irene sa...

Trur nok klompen vil passa denne hua kjempe godt! Ser god og mjuk ut - behagelig for ein søt liten gutt!

Synnøve sa...

Nydelige farger! Jeg plukker alltid opp masker nederst for å strikke snor, mye enklere enn å sy fast, og ikke minst er man garantert at de aldri vil falle av :)