torsdag 25. november 2010

Julegavetips!

Her kjem eit aldri så lite julegavetips frå meg! Alle kjenner me nokon som har "alt", og som ikkje ønsker seg noko til jul... 

Kvifor ikkje gi ei gåve som kan gleda nokon? 

Det finns mange alternativ når det gjeld veldedige gåver, geiter, bestemødre osv osv. 
Eg laga mi eiga veldedige gåve. 
Sidan det ikkje vart ein haust på barneheimen i Nairobi, har eg samla inn litt penger. Så kan dei iallefall få litt støtte og hjelp, om det ikkje er hendene mine.  
Her ser de korta mine. 
Tre ulike fotografi av ungar på barneheimen.
Litt fakta inni, og eit utdrag frå ein tekst av Haldis Reigstad på baksida.
Det kostar ingenting å få dei tilsendt i posten, og de bestem sjølv kor mykje gåva skal vera på.

:)

Bare eit aldri så lite tips....

1 kommentar:

Anne Brit sa...

Eg vil ha.. Sende deg ein bestilling på facebook..