torsdag 25. november 2010

Julegavetips!

Her kjem eit aldri så lite julegavetips frå meg! Alle kjenner me nokon som har "alt", og som ikkje ønsker seg noko til jul... 

Kvifor ikkje gi ei gåve som kan gleda nokon? 

Det finns mange alternativ når det gjeld veldedige gåver, geiter, bestemødre osv osv. 
Eg laga mi eiga veldedige gåve. 
Sidan det ikkje vart ein haust på barneheimen i Nairobi, har eg samla inn litt penger. Så kan dei iallefall få litt støtte og hjelp, om det ikkje er hendene mine.  
Her ser de korta mine. 
Tre ulike fotografi av ungar på barneheimen.
Litt fakta inni, og eit utdrag frå ein tekst av Haldis Reigstad på baksida.
Det kostar ingenting å få dei tilsendt i posten, og de bestem sjølv kor mykje gåva skal vera på.

:)

Bare eit aldri så lite tips....

måndag 22. november 2010

Gratulera!

Vinnaren av eit par jentesokkar er:
(trommevirvel...)
Elisa som har bloggen "for-hand".
Gratulera! 
Og Elisa har forresten ein kjempe fin blogg...
Håpar sokkane kan få ei lita jente til å bruka ullsokkar!
 :)
Minner om trekning av min "mini-give-away" i dag! 
Trekker en gang i løpet av kvelden... 

:)

fredag 19. november 2010

Favoritthuå!

For nokre dagar sidan hadde  "Strikk og tøys" eit innlegg om favoritthua si.... Eg falt pladask! Så den måtte eg jo prøva meg på. Gløymer fort at eg har mange andre prosjekt eg burde gjort ferdig først. Pytt, pytt.

Nå er det gjort...

Og den blei veldig fin, syns eg. Rask og lett spøt! Nr to er allerede på pinnane! Fargen er nok litt varmare og mørkare enn på biletet, men det er ikkje alltid lika lett å få fram rett farge... Eg har òg brukt Tinde frå Gjestal, eit nøste er akkurat passelig. Denne gongen passa faktisk huå til meg etter at den var  ferdig, sjølv om det er ei Pickles oppskrift... :)

Som de kanskje anar er eg framleis på ferie, og forbereder min neste ferie. Nokon som kan gjetta kor eg skal? Jepp, NY nemlig. Og eg gledar meg! Håpar på snø og julapynta gater... Er det noko dei kan "over there" så er det å pynta til jul! 

Har dokken tips om kjekke ting å gjera i NY? 
Tips om garnbutikkar er jo alltid kjekt... Evt andre kjekke butikkar. Tips mottas med takk! :)

torsdag 18. november 2010

Eit lite tips! :)

Skal du på storbyferie? Er du som meg, og kosar deg så lenge du har ein strikkebutikk i siktet? Det å tråla alle strikkebutikkar er vel så bra som all anna shopping? Gir det deg ein god følelse å kjenna på garnnøster? Elske du å prøva nye typar garn? Knappar? Oppskrifter?

Eg er i allefall sånn.... 
Og det aner meg at eg ikkje er unntaket i denne bloggverden! Då skal eg gi deg eit godt tips... Sjekk ut denne fantastiske sida!


Ein fantastiske oppfinnelse, spør du meg....
God tur! :)

PS. Minner om min bittelitle give-away i eit tidligare innlegg... Dei som ynskjer å få tilsendt sokkar i posten får gi meg eit lite hint, så tar eg ein trekning på måndag. :) Då har eg nemlig bursdag... :)

laurdag 13. november 2010

Spania=Sko

(eit lite innlegg som bryte litt med tidligare innlegg, men men. 
E jo litt glad i sko då...)

fredag 12. november 2010

Eg har visst ikkje vore så veldig produktive i starten på den lange ferien min... 
Men, eit lite sokkapar har det blitt. Restagadn frå sokkar som eg laga til meg sjølv tidligare, og oppskrift frå "toe-up socks for every body" av Wendy D. Johnson.

Gadn: restar av eit arwetta classic nøste. 

Drygt gadn, må eg seia. Framleis ein liten rest igjen av mine to nøster, og då har eg laga sokkar til mine digre labbar, og eit lite barnapar. Ikkje verst! Dessuten eit kjempe fint gadn! :)

Og, forresten, kjenner de nokon som kan tenka seg desse sokkane?? 
12-13 cm lang, smal fot?
Ein aldri så liten give-away, rett og slett! 

tysdag 2. november 2010

Ahhh, ferie...

Ei utrulig flott dør. 
Må tilbake på photoshoot der, tenkjer eg. :)

Og eit aldri så lite sjølvportrett.
Ferie er herleg, folkens.
Har sjølvsagt eit og anna prosjekt på pinnane, men må jo vera ute i sola. 

Håpar de nyt hausten heima i Norge....

torsdag 28. oktober 2010

Hals

Alt ein kan finna på den store webben!! :) 
Denne sida er verdt ein liten kikk... 
Veldig masse fint, bare sjå dei utrulig søte spøtadyrå! Dei har eg veldig lyst til å prøva meg på ein gong. :)
Men, altså, eg har laga 5thAvenue, ein hals. Eit ganske greitt prosjekt. Min hals vart kanskje ein smule lange, men det er jo berre å snurra den rundt halsen ein ekstra gong! :)

Pinne nr 5
3 nøster Baby Llama frå Elsebeth Lavold (klør faktisk litt, syns eg...)


Det går litt tregt med prosjekta mine for tida, eg driv nemleg å redigerer bryllupsbilete. Eg var så heldig at eg fekk spørsmål om å vera fotograf! Veldig kjekt, men litt mykje arbeid i ettertid, i allefall for ei som ikkje akkurat er proff når det gjeld redigering. :) Nå nermar eg meg ein ende... Det er nok både eg og brura glade for! Eg nermar meg og FERIE. Ei kveldsvakt igjen, så har eg 7 veker fri framføre meg. Hurra! :)

torsdag 21. oktober 2010

Heldige meg...

På ein dag med snø (!!!) varma det skikkelig med pakke i posten.... :) For ei stund sidan vann eg give-awayen hjå
Gry-Anette, og i dag kom gaven.
Sjå kor heldige eg har vore!!!
Tusen, tusen takk Gry-Anette!