måndag 22. august 2011

Strikkenerd...

Ein veit ein er LITT over gjennomsnittet interessert i garn og spøt når 
- alt ein har kjøpt på helgetur til Stockholm er eit garnnøste 
- ein snikfotograferer jenter med fine spøtajakkar 
- ein sjekker adresser på garnbutikkar før avreise 
- ein spør om lov til å ta bilde av vottane som er utstilt i butikken




Stockholm var supert, sjølv i litt dårlig ver.
God mat og drikke.
Sightseeing
Minimalt med shopping
Såre føter...

PS. Kjerasten påstår at "ingen" på vår alder strikke... Eg prøver å overbevisa han om at, jo, strikking er in, og eg kjenner MANGE som spøtar! Men ingenting ser ut til å overbevisa han. Ka kan eg gjera med det? :)

onsdag 17. august 2011

Kjøkkenvekt!

Eg likar å baka, men ei god kjøkkenvekt har eg ikkje hatt i hus. At eg som likar å baka, og i tillegg spøtar så møkje, ikkje har hatt ei god kjøkkenvekt er jo nermast utrulig! Men, her ein dag i ferien min kom eg over ei skikkelig fin, elegant, digital og svart vekt!
Supert! 
Og for dei som lurer på kor mykje garn eg brukte til dei små tøflene eg laga for ei veke sidan, jo heile 22 gram! Med mine garnrestar kan det altså bli MANGE småtøfler.....

Pumaveska mi, som eg kjøpte i Antwerpen for fleire år sidan, er blitt garnveska mi denne ferien... Praktisk! ;) Om ho får bli med på helgetur til Sverige er vel heller uvisst... 

PS. Treng framleis gode tips til ting å gjera i Stockholm! :)

fredag 12. august 2011

Stolt...



Denne tittelen har eg brukt før, då om noko eg hadde laga, som eg var og framleis er ganske stolt av.
Nå er det om noko heilt anna.

Det har vore nokre fæle, rare, uvirkelige veker etter 22.juli.

Men,
Eg er stolt over landet vårt!
Eg er stolt over å vera norsk!
Eg er stolt over at me er eit folk som ikkje først og fremst tenker hevn, men tenker på framtida vår og ikkje minst framtida til alle som vart ramma.
Eg er stolt over å ha ei regjering og ein statsminister som går føre med eit godt eksempel.
Eg er stolt over å ha eit kongehus som viser at dei er menneske, som oss, og vågar å visa følelsar.

I går kjørte eg over Haukelid på vei til austlandet.
For eit fint land me bur i!!
Eit land der ein stoppar langs vegen og kjøpar geitost,
medan ein slår av ein prat om koss livet har vore si sist.
Eit land der me går på turar etter raude T'ar...
Eit land der blåkokkene framleis får veksa lang vegkanten! Og sauer og geiter er dyr ein stadig må stoppa for....


Eg er glad i landet mitt! 
Eit land og eit folk me skal ta vare på!!
Og for tida er eg ekstra takknemleg for at eg er født akkurat her. 
Eg har alt eg treng, og meir til... 

Kanskje me burde vera flinkare til å vera takknemlige og ikkje ta alt som sjølvsagt!
 Er det noko me er blitt minna på så er det at morgondagen veit me lite om...
Så her er dagens oppfordring! :)
Vis at du bryr deg!
Vis det til kjerasten,
til foreldre,
til søsken,
til naboen,
til ungar som svelt i Afrika



onsdag 10. august 2011

Twin Magic Slippers



Det er deilig å ha nokre små prosjekt på pinnane, som blir ferdige same dagen ein startar! :) 
Desse små, søte tøflene er blitt til i ferien.
Er dei ikkje søte?
Twin Magic Slippers oppskrift frå Raverly.
Garn av alle slag kan brukast, perfekt for å få brukt opp litt restagarn... Bare pass på at pinnenr og garntjukkelse gjer at tøflene kanskje blir større eller mindre. Men, det vett jo dokken, erfarne strikkarar! ;)
Eg brukte garn frå pickles, Pickles Extra Fine Merino, på pinne nr 3,5. Då vart dei ferdige tøflene ca 10 cm lange og 5-6 cm breie. 

tysdag 9. august 2011

Pauseinnslag...

Late feriedagar med mangel på sol er perfekte dagar for spøt.... ;) Eg kunne jo egentlig tenkt meg sol og sommar,  men ein får framleis ikkje gjort noko med veret!?  Ferie er nå ferie uansett! For tida nyte eg deilige dagar heima hjå mor og far. Kyr og fluer i skjønn forening, grønt gras og lokalen på radio! 
Det er sommar det! :)

Eg har nåken små prosjekt på pinnane, og nåken litt større. Sjølvsagt har eg starta på eit prosjekt der det blir tusen trådar å festa! At eg aldri lærer.... hehe 

I slutten av august skal kjerasten og meg ein tur til Stockholm.  Ingen av oss har vore der før, faktisk hadde eg min første Sverigetur for berre eit par dagar sidan! Gledar meg veldig til ei langhelg i storbyen! Men, som utnevnt reiseledar, treng eg gode tips til kva me kan gjera i Stockholm. Reknar med fleire av dokken har vore der, og veit om gode kafeear/resaurantar, garnbutikkar, museum, butikkar osv... 
Alle tips er velkomne! :)

onsdag 3. august 2011

Søt sommarkjole

 To ferdigstilte prosjekt!! :) 
Fornøyd og glad!
Og når det til og med bare er to arbeidsdagar att til 3(!!!) vekes ferie, og terrassen er nymåla, ja då må det vel vera lov å vera fornøyd?
Min del av borettslaget er malt, veldig kjedelig jobb. Men, for eit trent auga kan ein kanskje sjå at det er blitt litt kvitare... IKEA-krakken min er blitt mykje kvitare! :)
 Denne søte kjolen er frå Pickles sine oppskrifter. Veldig søt, og kan lagast i mange fargevariasjonar. Eg har spøta min i pickles extra fine merino, deilig og mjukt! 
Hjerteknappane fant eg i knappaboksen min! 
Synd dei passa veldig godt.

PS. ser at mine lange, tynne, skitne tær har sneke seg med på bildet... Jaja... ;)

søndag 31. juli 2011

På tide....

Dette innlegget burde ha vore publisert for leeeenge sidan.

Eg kan skylda på så mangt...
Sommar og sol (?)
Vond hand
Kjerasten
Arbeid

Men, grunnen til at dette prosjektet har tatt tid kan nok bare skyldast ein ting...
Det er jo bare så utrulig kjedelig å festa trådar og sy i knappar! Derfor er det så uendelig godt når det er gjort. Det faktum at eg faktisk har fleire prosjekt det må festas trådar på har eg glømt ei lita stund! :)


Og så litt reklame....

Eg har tidligare sagt at eg syns det er vanskelig å finna fine plagg å strikka til gutar.  Derfor har eg leita etter kjekke oppskrifter ei stund. På bloggen til Badegakk fant eg denne nydelige jakken! Einsfarga plagg med mønster i strikket er supert, slik slepp ein unna litt trådfesting, dessutan er det veldig fint.... :)

Lille Ivanhoe er nydelig.
Eg har brukt dyrt, fint garn frå Du store alpakka.
Fin, 50% alpakka og 50% Silke
Mjukt og godt, med litt glans. 

Veldig fornøyd! :)
Tusen takk, Badegakk! 

onsdag 18. mai 2011

Turban

Det er lenge sidan sist blogginnlegg... 
Delvis pga armen, men og for det at det er vår og 
happy times!
:) 
Litt for lite tid til spøt...
Denne vesle hua/turbanen frå Pickles har eg hatt lyst til å laga lenge, syns den er veldig søt... :) Gjort på eit blunk! Lett håndarbeid, perfekt til restegarn! ;)
Eg laga den minste størrelsen som er gratis på Pickles sine heimesider. Den blei VELDIG liten, trur me snakkar prematur. 
Men utrulig søt! 
Anbefalast på det sterkaste! 

fredag 15. april 2011

"Nermast som eit mirakel!"

 I fjor sommar fekk eg meg nytt fint tregolv på verandaen min, og pynta fint med litt planter. Kjempe fine lilla hortensia! Men, altså... Utover hausten skjedde jo det som pleier å skje, dei visna, og er blitt meir eller mindre brune. Kanskje har eg vore litt late, eller så kan eg jo skylda på at eg var vekke store deler av hausten... Uansett har dei visna plantene berre blitt ståande på verandaen. Ikkje akkurat vakkert, og eg har fleire gonger tenkt at eg skulle ha rydda dei vekk. Men, så her ein dag eg kikka ut på verandaen såg eg dette:


 Grøne spirer!!!
"Nermast som eit mirakel!"
Eg visste jo at desse plantene kunne overvintra, men hadde aldri trudd at dei kom til å overleva ein kalde vinter! Du kan seia at eg er ganske glad for at eg har vore litt late....


Men, så har det altså skjedd.... 
Eit aldri så lite mirakel, på min veranda! 
Passar jo egentlig veldig bra i dessa påsketider.... 

onsdag 13. april 2011

Knappar

Eg kjedar meg. 
Og er litt frustrerte... 

Trudde armen min kanskje var blitt litt bedre, men den er visst fremdeles ikkje heilt god. Så det går veldig smått med mine kjekke strikkeprosjekt. Kjedelig! Prosjekt "strikk-plagg-til-små-guttar" er derfor litt tregt, men eg har to veldig fine plagg på pinnane! :) Måtte bare armen bli heilt bra, veldig fort....

Men, ka gjere ein når hovedhobbyen må ha pause?? 

Jo, ein kan feks surfa på andre bloggar og få nye idear! Eg kom over nokre heilt utrulig søte knappar på ein blogg her ein dag. (huske dessverre ikkje kim det va...?) Men, knappane var i allefall kjøpt på etsy. Og då måtte eg jo innom der for å snopa litt knappar! :) joyafibers har eit kjempe utvalg! Det var mange knappar som hadde lyst å bli med meg heim, men ein må jo begrensa seg litt. :) Dei som kjenne meg godt vett at eg er LITT svak for giraffar, dermed måtte giraffknappane berre kjøpast! :) Og eg er SÅ fornøyd! :) Glede meg til å finna plagg som passe til knappane!! :)

(og Hanna, nå har "tante" Synnøve masse kjekke knappar å leka med....)


Oppdatering: Bloggen kor eg fant knappatipset var benteslekestue