Tenk at visne roser er så fint!! :)
ICAen min har flotte, billige roser... Eg har funne ut at dei får nye kvar onsdag, og dei står faktisk i to veker! Fantastisk! :)
Medan eg var i NY var eg, sjølvsagt, innom ein strikkebutikk og to... Mellom anna
Purl. Veldig koselige liten butikk. Bra garnutvalg og masse bøker, og stoff... Eg fann eit par utrulig mjuke og deilige pulsvarmarar, og tenkte eg skulle kjøpa garnet dei hadde brukt på dei! For tenk å få seg så gode pulsvarmarar... :)
Men, og det er eit stor men.
Garn er dyrt i USA, virkelig dyrt! Og då dama i butikken kom med garnet, det super fina og mjuka garnet, og sa det kosta 40$ for eit nøsta, då fekk eg nermast sjokk!! Jadå, 40$.... (Ta det med ei klypa salt, men eg er nokså sikker på at det er rett pris. Men de vett koss ei fjør vert til ti høns... Og det var tross alt i fjor..) Uansett, dyre pulsvarmarar med andre ord. :) Altfor dyre! Sjølv eg, som er garnfreak, måtte gå i frå det herliga garnet. :(
Men, pulsvarmarar skal bli...
Og dei er på pinnane. Garnet er ikkje lika mjukt og fint som det i NY, men eg trur det skal bli bra! :) Skal visa dei ved ein annan anledning. :)